I Kristus

Når ein les Paulus sine skrifter, støyter ein ofte på uttrykket «i Kristus». Dette er ein uttrykksmåte som er særmerkt for Paulus, og han brukar det ofte i breva sine (Ef. 1, 3.6.7.10.11.13, 2, 6.7.10.13, 3,6.11.12). Andre gonger kan han mellom anna bruke uttrykka «i Herren» eller «i Han». Tek ein med uttrykket «ved» eller «med» Kristus, noko som kan gje om lag same meining, finn ein at uttrykksmåten er svært ofte brukt (Ef. 1, 5; 2, 5.6.18). Når vi les Bibelen og finn desse uttrykka brukt, spør vi oss kva Paulus måtte meine med det? Eller tenkjer vi at dette berre er ein talemåte som kanskje kunne uttrykkje noko i nærleiken av å ha noko felles, som til dømes når nokon seier dei er «brør i Herren»? Det kan verke som Paulus set likskapsteikn mellom det å vere ein kristen og det å vere «i Kristus». Eit døme på det kan vere det han i Rom. 16, 7 fortel om to menneske som før han «var i Kristus»; eller i vers 11 der han ber mottakarane av brevet å helse til nokon «som er i Herren».

Kva kan Paulus så meine med å uttrykkje seg på denne måten? Det kan sjå ut som han meiner at det å vere ein kristen er å ha fått ei anna plassering – ei anna stilling; eit skifte frå å vere utanfor Kristus til no å vere plassert i han. Han seier i Efesarbrevet at vi tidlegare stod utanfor Kristus og var utan håp; men no er vi derimot i Kristus Jesus og komne nær til (Ef. 2,12f). Kanskje ordet i Kol. 3,3 kan kaste meir lys over dette: at vi er døde og vårt liv er skjult med Kristus i Gud. Dette ordet seier kanskje litt om korleis vi er komne til det å vere «i Kristus».

I Romarane 6 talar Paulus mykje om at vi er døde; til dømes i vers 2-5.7.8.11.13. Kva kan han meine med dette? Fyrst kan vi sjå på dette at på same tid som han talar om at vi er døde, talar han òg om Kristi død og at det er samanheng mellom desse to kjennsgjerningane. Til dømes seier han at vi vart døypte til hans død, og «likskapen med hans død». Men kven gjeld dette? Kven er «vi» og dei som er «i Kristus»?

I 1. Korintarbrev 15,3 skriv Paulus at «Kristus døydde for våre synder etter skriftene». Alle er vel einige om at Jesus var ein historisk person og at han døydde på ein kross. Men her står i tillegg at han døydde i samsvar med profetiane vi finn i det Gamle Testamentet. Likeeins står det at han døydde for syndene vi menneske hadde gjort oss skuldige i. Vidare står det at han vart gravlagd og stod opp att på den tredje dagen (v. 4 og 5). Slik som Paulus legg det fram i dette kapitlet, betyr det svært mykje for oss om det er sant eller ikkje. Han seier til dømes at har han ikkje stått opp, er trua vår unyttig. Ja, dei er endåtil fortapte dei som har sovna inn i trua på Jesus. Men så konkluderer han med kraft i v. 20 med at Kristus har stått opp, noko som garanterer for at det andre er sant som er skrive om han. Og dette som får store fylgjer for oss som trur (v.2; Rom. 1,4).

I 1.Kor. 15, 21 underviser Paulus om at døden kom inn ved eitt menneske og at oppstoda kom ved eitt menneske. I vers 22 vert Adam og Kristus stilte opp mot kvarandre. Vers 42-49 omtalar den fyrste og den siste Adam – det fyrste og det andre mennesket. Jesus var sant menneske, fødd inn i Adam si ætt (Gal. 4,4), men var sjølv utan synd både i natur og gjerning (Luk. 1, 35; 1.Pet. 1, 18). Då han døydde, døydde heile slekta, han vart den siste Adam. Når ein er død for alle, er alle døde (2. Kor. 5, 15). Korleis kunne det skje? Gal. 2, 20 seier at eg er krossfest med Kristus. I Guds tanke var det eigentleg vi som vart krossfeste. Jesus døydde vår død, som straff for våre synder; vi døydde med han. Rom. 6, 8 talar om å «leve med han». Jesus døydde og vart gravlagd, men ikkje berre det: han stod opp att som det nye mennesket (1.Kor. 15,47; 2. Kor. 5,17). Og – er vi døde med han, skal vi òg leve med han (v.8). Det er ikkje berre slik at vi var i Adam då han synda og i Kristus, den siste Adam, då han døydde; vi var òg i han då han stod opp – oppstodekraft og liv i samfunn med han (Rom. 6, 5). Kva tid og korleis skjedde denne samanknytinga som gjer at vi er i Kristus? Gal. 3,27; Kol. 2, 12.

Dei som trur på Jesus, vert døypte (Ap.gj. 8, 37). Men eg trur ikkje det er berre den ytre sida av dåpen som er viktig (1. Kor. 12, 13). Romarane 6 handlar vel meir om den åndelege sameininga mellom oss og Kristus enn den ytre og synlege handlinga ( som òg er viktig). I Efesarane 4, 5 står det at vi har ein dåp. I mange kristne samanhengar talar ein både om vassdåp og åndsdåp. For det fyrste er korkje «vassdåp» eller «åndsdåp» bibelske uttrykk. Heller ikkje står det om «dåp i den Heilage Ande», men derimot er det ordet «med» som er brukt (Ap.gj. 1, 4; Matt 3, 11; Joh. 1, 33). Dette som her er sitert, vert sagt før pinsedagen og ein må rekne med at det er det som skjedde då, det viser til. Dette med «åndsdåp» knyter ein i stor grad til ei oppleving der tungetale og kraft fylgjer med. Jesus sa òg at læresveinane skulle få kraft når Den Heilage Ande skulle kome over dei (Ap.gj. 1, 18), men her er det ikkje tale om dåp. Her står det at Anden skulle kome «over» dei. Likeeins talar Jesus i Luk. 4, 18 om at Anden var «over» han når han tala om å vere salva av Anden. Paulus oppmodar i Efesarbrevet (kap. 5, 18) dei truande til å «bli fylte av Anden», ikkje å søkje åndsdåpen. Ut ifrå dette meiner eg at opplevinga av å verte fylt av Anden er noko anna enn å vere døypt med Anden. Det betyr ikkje at eg fornektar ei slik oppleving, eg meiner berre ein har mistyda skriftorda som talar om desse tinga.

Personleg har eg aldri fått det til å stemme at opplevinga av Den Heilage Ande skulle vere ein «dåp i Den Heilage Ande». Nokre har prøvd å forklare at det er som å bli senka ned i eit element som til dømes vatn; ei forklaring eg ikkje finn truverdig sidan eg ikkje kan finne nokon symbolikk i det som gjev meining. Det som etter kvart fekk meg inn på andre tankar i dette spørsmålet, var skriftordet vi finn i 1.Kor. 12, 13. Der står det at vi alle vart døypte med ein Ande til å vere ein lekam. Ut ifrå dette skriftordet hevdar mange å ha dekning for at alle i Korintarkyrkjelyden var «åndsdøypte» i tydinga vere fylte med Anden. Men etter å ha lese denne skriftstaden i ulike engelske omsetjingar, kom tankane i sving. Der stod det faktisk at vi alle vart døypte med ein Ande inn i ein lekam. Etter kvart vart det klårt for meg at det var med Den Heilage Ande vi vart døypte inn i Kristi lekam. Og personen som utførte dåpshandlinga, var Jesus (Matt. 3, 11). Det greske ordet «eis» som betyr «med», kan forståast instrumentellt. Det vil seie at Anden er reiskapen Jesus utfører handlinga med for å plassere oss inn i sin lekam. Det at vi tilhøyrer hans lekam, er velkjent for dei fleste. Ein talar ofte om Guds kyrkje på jord som Kristi lekam (Rom. 12, 4; 1. Kor. 12, 20; Ef. 1, 23). Jesus brukar òg symbolet «vintre» som synleggjer om lag det same (Joh. 15, 1). Korleis vi er komne inn i denne lekamen, er derimot lite omtala. Her vert ordet i 1. Kor. 12, 13 eit nøkkelord. Det seier at Jesus sjølv podar oss inn i dette vintreet eller lekamen. Dette gjer han med Anden. Kven gjeld så dette? Det mest nærliggjande må vel vere at det er dei som har fått Anden, slik Jesus lovde før pinsedagen. Jesus sa til Nikodemus at han måtte verte fødd på nytt (Joh. 3,3). Og i Ef. 1, 13 står det at dei i Efesarkyrkjelyden fekk Anden då dei kom til tru. Ein må fyrst verte fødd på nytt før ein kan verte døypt inn i Kristi lekam, det nye (andre) mennesket (Ef. 2, 15). Ein vart delaktig med den fyrste Adam ved naturleg fødsel. Vansken med det som skjedde på pinsedagen er at då skjedde både det at dei kristne fekk Anden til pant (Ef. 1, 14) og vart fylte av Anden, ved at han kom over dei (Ap.gj. 1, 8; 2, 4.13; Ef. 5, 18; Luk. 4, 18). Det eg trur Jesus meiner når han seier at dei skulle verte døypte med Den Heilage Ande den dagen, er at dei åndeleg sett skulle verte døypte inn i lekamen hans. At dette var viktigast, var ikkje så rart sidan det markerte starten på; eller fødselen til kyrkja som er hans lekam.

Som eg nemner ovanfor, er det berre ein dåp (Ef. 4, 5), og det er den kristne dåp. Det er dåpen inn i Kristus i Faderen, Sonen og Den Heilage Ande sitt namn. Ofte når ein omtalar dåp, viser ein til Rom. 6. Og her kan det ikkje berre vere den ytre sida av dåpen det er tale om, det ein kallar «vassdåpen». For vi skjønar fort at det her er tale om indre og åndelege realitetar som det å bli senka ned i vatn ikkje kan skape. Det er tale om å «bli ikledd Kristus» (Gal. 3, 27; Kol 3, 9-10). Her kan det ikkje i realiteten vere tale om ei ytre handling; det må vere tale om ei åndeleg sanning som skjer i det skjulte. Slik sett vert dåp i vatn ei ytre manifestering av denne indre realiteten. I Rom. 6, 5 står det om at vi er blitt sameina med han ved «likskapen med døden hans», og vidare i v. 6 står det at vårt gamle menneske vart krossfest med han. Sjølve dåpen har stor «likskap» med jordfesting. Såleis ser vi at den ytre handlinga har symbolsk meining (likskap). Det ytre og det indre bør gå hand i hand.

Svært mange er einige om at dåpen høyrer nært saman med omvending og tru på Jesus. I våre samanhengar markerer gjerne dåpen offentleg at ein går inn i ein lokal kyrkjelyd. Den ytre handlinga vert ei stadfesting på at noko har skjedd på det indre planet. Personen er fødd på nytt og har fått Anden til pant (Ef.1,13). Vi hevdar at ein slik person tilhøyrer den universale kyrkjelyden anten han er døypt eller ikkje (Ef. 3, 3-12). Og korleis kjem han inn der? Eg vil hevde ut ifrå det som er sagt ovanfor, at på same måte som personen kjem inn i ein lokal kyrkjelyd ved dåp, så kjem han inn i den universale ved dåp. Men her er det Jesus sjølv som utfører handlinga. Og det betyr det same som å bli plassert i; eller planta inn i Kristus (Rom. 6, 5). Vi tenkjer ofte at rette rekkjefylgja er fyrst tru, så dåp. Men på pinsedagen og i tilfellet med Filip og hoffmannen, skjedde desse tinga så å seie samtidig utan noko tidsintervall å snakke om. Ut ifrå alt dette, vil eg hevde at vi talar om ein dåp; men han har ei indre og ei ytre side. Ein person som er komen til tru på Jesus, er åndeleg sett døypt inn i Kristus og må så snart som råd verte døypt i vatn. Ein slik person har «ikledd seg Kristus» (Gal.3,27) og er i han.

Kva fylgjer får det så, det at vi er «i Kristus»?

Fridom frå synda som herskar
I Rom. 6 underviser Paulus om at vår stilling i Kristus gjer at vi er døde for synda (6,2). Synda var ein herskar som vi tidlegare måtte lyde. Men sidan synda rår over mennesket berre så lenge det lever, er vi no frie (6,7). Vi er no oppreiste med Kristus, og kan no leve for Gud (6,8).

Fridom frå lova
Kap. 7 vender seg til dei som «kjenner» lova, jødane (7,1). Dei òg er frie til å tene gud. Ved Jesu Kristi død er Messias-truande jødar døde frå lova sitt herredøme (7, 4). Det same gjeld sjølvsagt andre truande som har lagt seg inn under lovtreldom og gjerningsvesen.

Inga fordøming
Kap. 8 underviser om at vi alle er utan fordøming når vi er i Kristus, om vi lever i anden, og ikkje i kjøtet (8,4). Ved at vi no har fått ein ny natur, kan vi no velje. Den nye naturen som vi har fått, er i stand til å vinne siger (8,2) over den gamle, vonde naturen vi har arva frå fedrane (1. Pet.1,18). Vers 13: «døde legemets gjerninger» ved Anden. Paulus talar om å undertvinge sin lekam (1. Kor. 9, 27). Kvifor, dersom han ikkje framleis har den gamle, vonde naturen?

Fridom framfor Gud i bøn
Er vi «i Kristus», kan vi med frimod kome fram for Gud (Hebr.10, 19-20). I vårt eige namn kan vi ikkje kome. For er vi levande, «i kjøtet», så er vi syndarar framfor Gud. Men vi har sett at vi døydde i «den siste Adam» (1.Kor. 15,22). I Kristus er vi derimot syndfrie og fri all fordøming, også frå Guds side (Rom. 8,1). Så vi kan kome fram for Gud i Jesu nam