Sjukdom og Jesu soningsdød

Det vi skal ta føre oss i dette studiet er ikkje spørsmålet om Gud lækjer menneske i dag; for det trur vi både på grunn av det Guds ord seier (Mark 16, 18; Jak 5, 14) og vitneprov frå menneske. Spørsmålet er heller om Jesus la grunnlaget for både helsa og frelsa vår då han døydde på korset.

Døydde Jesus for våre sjukdomar like fullt som han døydde for våre synder?

Vi har ofte høyrt denne påstanden frå forkynnarar. Likeeins vert det hevda at det har vore ein stor ubalanse i forkynninga når det har vore lagt vekt på at Jesus gav livet sitt og ofra blodet sitt for å sone for syndene våre. Det vert ofte sitert frå Jesaja 53, 4 og 5. Der vert det sagt at han tok på seg våre sjukdomar og bar våre piner, og på grunn av såra hans har vi fått lækjedom. I Matt 8, 17 er det likeeins vist til denne skriftstaden hos Jesaja i samband med at Jesus lækte menneske under sitt jordeliv. Også Peter nyttar eit sitat derifrå i 1 Peter 2, 24.

Helse og frelse

Hovudsakleg ut ifrå desse skriftstadane byggjer ein så læra om at Jesus døydde både for syndene og sjukdomane våre. Slik at då Jesus døydde, sona han for syndene våre og fjerna sjukdomane våre. Det vert hevda at som kristne treng vi ikkje å vere sjuke, like lite som vi treng å straffast for synd eller leve i synd. Både helse og frelse er altså inkludert i forsoningsverket.

Jesus døydde på grunn av vår synd

Dette kan sjå svært enkelt ut, dersom ein berre brukar bibelsitat for å understreke synspunkta sine. Men om ein vil gå litt grundigare til verks, dukkar det fort opp vanskar ved ei slik framstelling. Dersom ein ser på i kva samanheng bibelsitata står, får ein kanskje eit betre bilete av kva som er meint:

Jesaja kap. 53 teiknar eit bilete av «Herrens lidande tenar». Han er ille tilreidd, «full av piner» og «liding» (sjukdom, v. 3). Dette måtte han gjennomleve på grunn av «våre brot, misgjerningar, mange si synd» (vv. 5, 6, 8, 11, 12). Ikkje nokon stad i vers 1 til 12 står det at det var på grunn av sjukdomane våre han måtte lide dette. Eg har heller ikkje funne noka logisk forklaring på at Jesus skulle måtte døy for våre sjukdomar. «Synda si løn er døden», seier Paulus i Rom 6, 23. Og i 1 Mos 3, 3 seier Gud til Adam og Eva at dersom dei et av frukta på treet midt i hagen, skal dei døy. Dei gjorde som vi veit dette, og fekk over seg domen for synd og ulydnad mot Gud. Men i staden for å eksekvere domen med ein gong, viste Gud til ein framtidig forsonar og frelsar (1 Mos 3, 15; 3, 21). Denne viljen til forsoning går att hos alle profetane, men er kanskje tydelegast nett i dette kapitlet hos Jesaja (Luk 24, 27). Såleis er avsnittet hos Jesaja å forstå som Jesu liding og død på grunn av våre synder, der han tek på seg straffa som vi skulle hatt. Hos Peter i 1 Peter 2, 24 er det i konteksten tale om synd og straff for synd ( vv. 20, 22, 24). Likeeins talar han om «døy ifrå syndene våre» og «leve for rettferda». Fysisk sjukdom er ikkje i fokus der sitatet frå Jesaja står. Hos Matteus står det at han tok våre plager og bar våre sjukdomar. Samanhengen der er at Jesus lækjer menneske frå ulike plager; det er ikkje tale om at han måtte døy for dette eller at det er inkludert i forsoningsverket. Dette går òg føre seg lenge før korset. Når så Matteus her seier at orda av Jesaja er oppfylte ved det Jesus her gjer, må vi forstå det slik at oppfyllinga skjer ved Jesu praktiske velgjerningar han gjer mot menneske han lækjer (Matt 8, 17). Det kan her kanskje nemnast at menneske òg vart lækte frå fysisk sjukdom heilt tilbake i Det gamle testamentet si tid (2 Mos 23, 25; 2 Kong 5,14; 2 Kong 20, 8).

Liding eller sjukdom?

Dersom ein les Jesaja 53 på ulike språk eller ulike omsetjingar, legg ein merkje til at der det i nokre biblar står «sjukdom» står det i andre biblar gjerne «liding». Og det er grunn til å tru at «liding» er ei vel så god omsetjing. Der det står at «han vart slegen med sjukdom», skulle ein tru at «liding» er betre sidan vi veit at Jesus vart pint og leid. Men ingen vil vel påstå at han var sjuk. Dette er òg meir truleg, sidan liding og pine heng saman med straff – og Jesus vart straffa for vår synd.

Er det lækjedom berre for kroppen?

Vi trur vel at det er mogeleg å bli lækt for det fysiske, sjelelege og det åndelege? Personleg gjer eg det. Eg trur på dei bibelske lovnadane om at vi som enkle kristne kan vere med å hjelpe medmenneske som har det vanskeleg; også ved å be for fysiske plager så dei vert friske. Likeeins har vi Jesu føredøme, der vi ofte ser at det var ekte kjærleik og omsut for menneske som var drivkrafta (Matt 14, 14). Men ofte ser ein at når det i bibelen er tale om lækjedom eller sjukdom, vert det automatisk tolka som fysisk sjukdom. Det finst døme frå Det gamle testamentet der det er tale om åndeleg lækjedom; som når Gud kallar Israels-folket til omvending og seier han vil lækje deira fråfall.(Jer 3, 22; 15, 18; 30, 17; 51, 9; Klag 2, 13; Hos 6, 1; 7,1). Også Jesus talar om lækjedom og sjukdom i samband med det åndelege; til dømes når han seier at det ikkje er dei friske som treng lækjar, men dei som har vondt. (Matt 9, 12; 13, 15; Mark 2, 17; Luk 4, 23; 5, 31; Joh 12, 40; Apg 28, 27). Det er grunn til å tru ut ifrå samanhengen at i Jesaja 53 er det tale om åndeleg lækjedom – ikkje fysisk eller evt. psykisk.

Kvifor underviser ikkje Paulus om lækjedom i samband med forsoningsverket?

Dersom fysisk lækjedom skulle vere ein del av det verket Jesus utførte for oss på korset, er det merkeleg at Paulus ikkje nemner dette med eitt einaste ord. Og vi veit at ingen har gått så grundig til verks i det å leggje ut om forsoninga i Jesus Kristus som det Paulus gjer – særleg i Romarbrevet. Dei andre apostlane underviser heller ikkje om dette. Svaret på dette må vere at fysisk lækjedom ikkje er inkludert i forsoningsverket.

Kristne og sjukdom

Dei som forkynner at kristne har lækjedom for kroppen like sjølvsagt som dei har frelse gjennom Jesu død, vil hevde at det ikkje er naturleg for ein kristen å vere sjuk. I tillegg vert det vist til at Jesus lækte all sjukdom (Matt 4, 23; 9, 35), og i misjonsbefalinga gjengjeve av Markus gjev han dei truande oppdraget å leggje hendene på sjuke, slik at dei vert friske (Mark 16, 18). Likeeins står det i Jakob sitt brev at dei sjuke skal kalle til seg dei eldste i kyrkjelyden som skal salve den sjuke med olje og be til Gud (Jak 5, 14). Det finst òg menneske som får særlege nådegåver til å lækje (1 Kor 12, 9). No vil eg skyte inn at for meg vert det eit tankekors dersom helse automatisk er eit resultat av frelsa; at Gud så i tillegg må få i stand ordningar der sjuke kan verte lækte – i alle fall dersom det er kristne som er sjuke.

Døme på kristne som var sjuke

Paulus er kanskje den personen frå Bibelen som mest er blitt eit føredøme for mange kristne. Vi vert godt kjende med han både gjennom Apostelgjerningane og breva han skriv. Men til og med Paulus sleit med fysiske plager han ikkje vart kvitt. Han fekk ein torn i kjøtet (2 Kor 12, 7). Kva denne tornen var, har vore svært mykje debattert opp gjennom tidene; og mange mogelege svar har vore lanserte. Nokre har hevda at det var det ein sjukdom, ein skavank eller tanken på Paulus sitt tidlegare liv som plaga han. Andre har hevda ganske enkelt at det var ein Satans engel som slo han. Det står faktisk slik. Dette må vi i tilfelle forstå som ei vond ånd, sidan desse er slike som saman med Satan var englar som ikkje tok vare på sin høge stand (Judas 1, 6). Eg trur nok at kristne kan bli plaga både av Satan og vonde ånder, men vi har fått beskjed om å stå Djevelen imot, så skal han fly få oss (Jak 4, 7). I Paulus sitt tilfelle står det derimot at han bad Herren om at denne plaga skulle vike frå han, utan at han vart bønhøyrd. Denne forklaringa gjev dessutan ikkje noko svar på kva tornen var. Personleg hallar eg til den oppfatninga at det kanskje var ein eller annan defekt ved synet til Paulus, sidan han nemner at galatarane ville ha rive ut augo sine og gjeve dei til han om det hadde vore mogeleg (Gal 4, 15). Likeeins kan dette vere grunnen til at Paulus skriv breva sine ved hjelp av ein sekretær. Og kanskje han signerer brevet på slutten med si eiga hand, og då med store bokstavar som nemnt i siste verset i Galatarbrevet. Likevel må ein vel konkludere med at vi ikkje kan vite dette sikkert. Om det var denne tornen han meiner når han i same brevet seier at det var på grunn av veikskap i kjøtet at han fyrste gongen forkynte evangeliet for dei (Gal 4, 13), er kanskje uvisst. Men i alle fall seier han det var på grunn av fysisk veikskap, og sjukdom er i mange tilfelle det same som fysisk veikskap. Jesus lækte òg både sjukdom og veikskap (skrøpelighet), slik det står referert ovanfor i sitata frå Matteus.

Framleis frå Paulus sine skrifter er det nemnt at på ei av reisene hans måtte han ved eitt høve reise vidare utan å få med seg medarbeidaren sin,Trofimus, sidan han vart sjuk (2 Tim 4, 20). Ein annan medarbeidar, Epafroditus, vart òg alvorleg sjuk (Fil 2, 27). Ved eit anna høve tilrår Paulus bruk av vin som medisin for magen og jamlege sjukdomar (1 Tim 5, 23). Slik eg kan forstå dette, talar desse døma imot læra om at kristne har fått fysisk lækjedom inkludert i frelsa. Vidare må ein vel rekne med at det i alle fall i tilfellet med Tofimus vart gjort forbøn; men altså utan at han vart frisk. Dette er det òg verd å merke seg.

Vert alle friske?

Ovanfor har vi allereie nemnt døme på kristne som framleis var sjuke eller hadde fysiske plager etter at ein må rekne med at truande menneske hadde bedt for dei. Skal vi vere ærlege, må vi vel vedgå at slik er det ofte i dag òg. Likevel er det mange som hevdar at det naturlege ville vere at alle vart friske. Dette meiner ein ut ifrå same argumentasjonen som brukt ovanfor; at som kristne har vi allereie lækjedom i og med forsoningsverket. Likeeins vert det vist til Jesu praksis då han levde her på jorda, der han lækte all sjukdom og vanhelse (Matt 9, 35; 10,1). Ein meiner så at dei kristne i dag, som er Jesu lekam på jorda (Ef 4, 16), skal gjere det same som han gjorde – ja, endå til gjere større gjerningar enn han (Joh 14, 12). Likeeins støttar ein seg til Bibelen sine ord om at menneske skal verte friske når kristne ber og legg hendene sine på dei sjuke (Mark 16, 18; Jak 5, 14-15). Det vert altså hevda at vi kristne i utgangspunktet ikkje treng å bli sjuke; men skulle ein likevel verte sjuk, er det alltid Guds vilje å lækje.

Frå Gud eller Satan?

Det verkar for at svært mange er opptekne av dette spørsmålet. Ein stiller spørsmålet om sjukdom er frå Gud eller frå Djevelen. Straffar Gud menneske med sjukdom? Eller er det heller Djevelen som legg sjukdom på folk? Det ser ikkje ut til at ein kan tenkje seg andre kjelder til sjukdom enn desse to: Gud eller Satan.

Før vi prøver å sjå litt på desse spørsmåla, kan ein kanskje stille seg spørsmålet: kva er sjukdom? Det vert hevda at Jesus bar sjukdomane våre på sin eigen lekam opp på krossen, og viser til Jesaja 53, 4. I den engelske bibelen står det ikkje at det er i såra hans som han fekk under sjølve krossfestinga vi har lækjedom, men «stripene» han fekk frå piskeslaga (stripes). Nokre har òg funne ut at det finst 39 dødelege sjukdomar, ein for kvart piskeslag Jesus fekk. Dersom det er slik, kan ein vel seie at Jesus ikkje døydde for sjukdomane, slik det vert hevda – men heller leid fysisk for dei før han vart korsfesta. Ut ifrå dette kan vi forstå et det er verkelege sjukdomar ein tenkjer på – til dømes aids, tuberkulose eller kreft. Kva meiner ein så om andre plager som knapt kan definerast som sjukdom, som til dømes slitasje, beinbrot eller medfødde defektar? Døydde eller leid Jesus for slikt òg? Og dersom det gjeld berre klårt definerte sjukdomar, kan Jesus lækje berre desse?

Til no har vi berre snakka om menneske som vert sjuke. Kva så med dyra? Vi veit at dei òg kan verte sjuke. Er dyra sine sjukdomar òg tekne med i forsoningsverket? Kven legg sjukdomar på dei? For meg reiser det seg fleire og fleire spørsmål som det er uråd å svare på, og problemstellingane vert meir og meir absurde.

Kristne menneske har til alle tider tenkt at når ein vert sjuk, kan det vere at Gud vil prøve oss eller tukte oss. Likeeins er det mange som kan vitne om at Gud var med gjennom prøvingane og sjukdomen, slik at dei kom styrka ut av han. Og når nokon døyr, har ein ofte sagt at Gud har teke vedkomande heim; eller ein meiner det er Guds plan eller vilje når nokon døyr. I dag høyrer ein ofte det motsette: Gud legg ikkje sjukdom på folk, eller prøver nokon med sjukdom. Og når nokon døyr av ein eller annan sjukdom, så var det ikkje Guds vilje; men heller at Djevelen sigra. Det er han som får skulda for alt det vonde som skjer; sidan Gud står for alt det gode, er det Djevelen som står bak sjukdom og anna negativt som skjer. Likevel høyrer ein òg at ein kan bli råka av sjukdom eller anna vondt om ein er ulydig mot Guds ord og vilje. Dersom det er slik, må vel det forståast som ein straffedom frå Gud? Det har nok vore vanleg å tenkje slik; det gjorde dei på Jesu tid òg. Ved eitt høve lækte Jesus ein som var fødd blind. Og då spurde læresveinane Jesus om det var guten sjølv som hadde synda eller foreldra, sidan han var fødd blind. Då svarte Jesus at korkje foreldra eller guten hadde synda (Joh 9, 2). No kan det i parentes seiast at truleg hadde både guten og foreldra synda (Rom 3, 23), men det var ikkje difor han var fødd blind.

I samband med spørsmålet om sjukdom kjem frå Gud eller Satan, kan det nemnast at i Bibelen finst det døme på begge deler. I samband med israelittane si utferd frå Egypt, la Gud sjukdomar på egyptarane (2 Mos 15, 26). Han ville òg leggje desse sjukdomane på dei som hata Israels-folket (5 Mos 7, 15). Frå nytestamentet kan nemnast tilfellet med Saulus då han møtte Jesus på vegen til Damaskus, då Gud gjorde han blind (Apg 9, 8). Seinare måtte Ananias leggje hendene på han så han fekk att synet (9, 17-18). Det same skjedde med trollmannen Elymas (Apg 13, 11). Det finst òg døme på at Gud slo menneske så hardt at dei døydde; slik som i tilfellet med Herodes (Apg 12, 23), og med Ananias og Saffira (Apg 5). I 5 Mos 32, 39 seier Gud at han både kan slå i hæl og gjere levande, såre og lækje; og at ingen kan hindre han i å gjere det han vil.

Satan kan òg leggje sjukdom på folk, slik som i tilfellet med Job (Job 2, 7). Men her er det tydeleg at Satan hadde makt til dette berre dersom Gud lét han få lov til det (Job 1,12). Noko som kanskje liknar på tilfellet med Job er eit tilfelle som Paulus nemner i 1 Kor 5, 5 der ein av medlemane i kyrkjelyden skulle støytast ut på grunn av ei særleg grov synd. Der vert det sagt at han skulle overgjevast til Satan til «tyning av kjøtet», kva no det skal bety. Det er vel uråd å svare noko sikkert på det; men sidan det er kjøtet som skal øydeleggjast, må det truleg vere ei eller anna fysisk plage som skulle drive han til omvending. Vidare vert det i luk 13, 11 fortalt om ei kvinne som hadde hatt ei vond ånd i seg i attan år, og denne hadde gjort henne så veik at ho ikkje kunne halde seg oppreist. Her hadde ei vond ånd ført til fysiske plager. Ut ifrå desse døma ser vi at det er litt for enkelt å seie slik somme gjer; at alt det gode kjem frå Gud og alt det vonde frå Djevelen. Tilværet er nok meir nyansert enn berre kvitt og svart.

Sjukdom og død kom på grunn av syndefallet

Ovanfor er det vist til døme frå Bibelen der både Gud og Djevelen synest å stå bak fysisk sjukdom og plager. Men eg har ikkje funne nokon stad eg kan lese at sjukdomen kjem frå nokon av desse to kjeldene. Derimot er det mange døme på at menneske ganske enkelt er blitt sjuke utan at det er sagt noko om kven som er skuld i det (Matt 8, 14; Joh 4, 46; 5, 6; 11, 1). Heller ikkje er det grunn til å hevde at sjukdom eller ulukker er straffedomar for synd, ulydnad eller vantru (Joh 9, 2; Luk 13, 2-4).

Derimot er det vel slik at sjukdom kan vere vår eiga skuld; at vi påfører oss sjukdomar gjennom usunn livsstil og ulike laster. Dersom slike ting fører til sjukdom, kan vi laste korkje Gud eller Djevelen for det. Og utan tvil har vi plikt til å gjere vårt for å halde oss friske. Dette fører til høgare livskvalitet for oss sjølve og i tillegg bør vi hugse på at lekamen vår er eit tempel for Den Heilage Ande (1 Kor 6, 19).

Gud sa til Adam og Eva at dei skulle døy dersom dei åt av frukta på treet til kunnskap om godt og vondt (1 Mos 2, 17). Likevel gjorde dei det; og dei som tidlegare hadde hatt nært samfunn med Gud, fekk vondt samvit og måtte gøyme seg for han. Dette viser at noko allereie hadde skjedd i tilhøvet mellom menneska og Gud. Synda hadde ført til eit skilje mellom dei; ein tilstand ein må kunne kalle åndeleg død (Ef 2, 1). Resultatet av syndefallet var altså at døden kom inn i tilværet, og dette var noko av det fyrste symptomet som tydeleg kunne merkast. Men følgjene var langt meir vidtrekkande; jorda vart forbanna for menneska si skuld (1 Mos 3, 17), og heile skaparverket vart lagt under forgjengelegdom (Rom 8, 20). Dette førte til endra livskår for både menneska, dyra og planteverda. Så lenge vi er her i verda, er vi utsette for ulike krefter og påverknader som resultat av forgjengelegdomen; så som sjukdomar, skader, slitasje, elde og død. Eg kunne hatt lyst å treffe den personen som kan seie seg fri for slikt. Og når det har seg slik; kvifor skulle akkurat sjukdom vere frå Djevelen, og måtte takast særleg omsyn til i forsoningsverket?

Paulus likna den forgjengelege lekamen vår med eit veikt og skrøpeleg leirkar (2 Kor 4, 7), og tala vidare om at vi, saman med resten av skaparverket, lid og er i trældom under forgjengelegdomen (Rom 8, 23-23; 2 Kor 5, 4). Denne kroppen må vi slite med så lenge vi er i dette tilværet, men vi ser fram til den dagen då dette forgjengelege skal skiftast ut med noko uforgjengeleg (2 Kor 5, 1-2; 1 Kor 15, 53-54; Rom 8, 21).

Det er i håpet vi er frelst

Mykje av forkynninga ein høyrer i dag er tidsaktuell og handlar i stor grad om det å leve som kristen i eit moderne samfunn. Men får dette alt for stor vekt, kan folk få inntrykk at det er her vi skal vere for all framtid. Det er vel òg fare for at nokre forkynnarar har vorte så ivrige i det å tilpasse bodskapen til notida, at ein har kome i skade for å oversjå at der er ting Bibelen plasserer i komande tider (Efes 2, 7). Verkeleg realisme er å akseptere Bibelen sitt perspektiv over tilværet; og det avgrensar seg ikkje til her og no.

Ordet «frelse» og det å vere «frelst» er omgrep vi brukar så ofte at vi knapt tenkjer over kva vi meiner med det. Og få kristne ville vel vere einige om ein hevda at vi enno ikkje er frelst. Men sanninga er at det er i håpet vi er frelst (Rom 8, 24-25), og sjølve fullendinga ligg i framtida (1 Pet 1, 9). Det same kan seiast om omgrepet «Guds rike». Jesus sa at dette riket er inne i oss (Luk 17, 21) og så er det blitt synonymt med alt vi meiner med kristent arbeid. Få tenkjer på at «Guds rike» (Luk 21, 31; 22, 16; 22, 18) eller «riket» (Dan 7, 22; 7, 27; Matt 24, 14; Apg 1, 6; 20, 25) er noko framtidig som fysisk skal kome til syne (Luk 19, 11) i samband med Jesu atterkome til jorda.

Ofte vert det framstelt slik at når vi er frelst, så har vi allereie her og no alt det som frelsa inneheld. Vi skal allereie no «herske med Kristus» (2 Tim 2, 12), og vi «sit med han i himmelen» (Efes 2, 6). Likeeins er det med den fysiske lekamen vår; han er òg allreie no «frelst». Og så har ein gløymt at vi framleis lever under dei same ytre vilkår som andre menneske. Apg 14, 22 seier at vi må gå inn i Guds rike gjennom mange trengsler. Og når vi les om Paulus sitt liv, ser vi at han måtte lide mykje vondt (Apg 20, 23; Rom 5, 3; 2 Kor 6, 4), men heldt ut fordi han såg fram mot sigersprisen (Fil 3, 14). På same måten som Paulus likna lekamen vår med eit veikt leirkar, tala Peter om lekamen sin som ei hytte han ein dag skulle leggje ned (2 Pet 1, 13-14). Ut ifrå dette forstår vi at apostlane rekna med liding og trengsler i dette tilværet (Fil 3, 10; Kol 1, 24) og rekna ikkje med å nå fullendinga før i eit seinare tilvære (Fil 3, 12-14). Dei lengta etter å verte overkledde med eit hus frå himmelen (2 Kor 5, 2-4); ein ny, fullkomen lekam (1 Kor 15, 44; Fil 3, 21; 1 Tess 4,13-18; 1 Kor 15, 51- 53). Denne nye lekamen vert ein uforgjengeleg lekam (1 Kor 15, 53) som dødskreftene ikkje får makt over. Fyrst då er det at vi har fått endeleg siger over døden (15, 54-57) og vi er endeleg frelste (Rom 8, 24; 1 Tess 5, 8; 1 Pet 1, 9). Når Jesus gjekk rundt og lækte menneske og gjorde andre under, var det eit prov på at Guds rike var kome nær (Matt 9, 35; Luk 11, 20). Når dette riket kjem med kraft (Mark 9, 1), kan det verke som noko av jorda si forbanning er teken bort og fysiske defektar og sjukdom vert lækte i større grad enn nokon gong før (Jes 35, 5-6). Og i det evige tilværet skal ikkje sorg eller død eller pine vere meir (Op 21, 4).

Jesus la grunnlaget for frelsa vår då han døydde på korset (Joh 19, 30). Han døydde for oss alle som den siste Adam (1 Kor 15, 45) som Guds rettvise dom over synda (1 Mos 2, 17; Esek 18, 20; Rom 6, 23). Sjukdomen kom inn i verda med døden på grunn av syndefallet. Men det er ingen plass sagt at nokon må døy for å sone for sjukdom. Sjukdom er ikkje synd. Vi vert ikkje endeleg frelst med ein gong vi kjem til tru på Jesus, men lever vidare på jorda i døyelege lekamar. Likeeins vart ikkje synda og den vonde naturen avskaffa og fjerna sjølv om Jesus døydde for alle syndene som var gjorde og vil bli gjorde (1 Pet 2, 24). Han overvann døden si makt (Apg 2, 24; 1 Kor 15, 56; Hebr 2, 14; 2, 17), men døden verkar framleis i verda. Slik òg med sjukdom; det høyrer med til menneskelivet til vi får nye kroppar.

Korleis lækjedom?

okre vil tenkje: Dersom det er slik at Jesus ikkje døydde for sjukdomane våre og tok dei med seg opp på krossen; korleis kan han då lækje? Personleg tykkjer eg at ein slik tanke nærmast er blasfemisk. Ein slik tanke set grenser for Gud. Skulle noko vere vanskeleg for Gud (Jer 32, 27)? Er han ikkje allmektig (Op 1, 8)? Har han ikkje skapt oss (1 Mos1, 27)? Skulle det vere vanskelegare for Gud å lækje og reparere ein kropp han sjølv har skapt, enn til dømes å gjere vatn til vin (Joh 2, 3-10) eller stille stormen (Mark 4, 39)? Ofte var det ikkje berre reparasjon heller; somme gonger skapte han på nytt. Som til dømes i tilfellet med ein mann som var fødd blind (Joh 9, 1-7), der han måtte skape nye, friske auge; eller i tilfellet med den lame mannen (Matt 9, 2-7). Då måtte han skape musklar der alt var heilt innskrumpa. Sjølvsagt kan Gud lækje. Og sjølvsagt kunne Jesus lækje då han gjekk her nede. Og sjølvsagt kan vi på Jesu ord og i Jesu namn lækje i dag (Mark 16, 18; Jak 5, 14; 1 Kor 12, 28). Ikkje fordi han døydde for sjukdom, men fordi han har all makt i himmelen og på jorda (Matt 28, 18). Ikkje heller fordi han må, men fordi han er full av kjærleik og medkjensle (Matt 9, 36; 14, 14; 20, 34; Mark 1, 41; Luk 7, 13).

Men Gud er gud og kan ikkje avgrensast; han gjer som han vil (Sal 115, 3; 135, 6; Jes 46, 10), og let seg ikkje tvinge av oss. Nokre gonger vert sjuke menneske ikkje friske; og nokre gonger døyr dei. Vi vil ikkje i dette livet få svar på kvifor det er slik, det einaste vi kan gjere, er å leggje slike spørsmål i Guds hand. Men vi kristne har rett til med frimod å bære dei sjuke fram for Gud i bøn (Hebr 4, 16; 10, 19). Dette skal vi gjere; og vente å få bønesvar (Jak 5 15-16).


One Response to Sjukdom og Jesu soningsdød

  1. Avatar Christian
    Christian says:

    Å si at sykdom IKKE inngår i forsoningen er et hån nettopp mot Jesu blod og hva ha har lidd. Det er jo stort sett de samme menskene som mener vi fremdeles er under forbannelse selvom Jesus helt klart har kjøpt oss fri fra denne. Dette blir da et amputert eveangelium og derfor ikke det hele og sanne.