Kan Jesus kome att kva tid som helst?

Svært mange forkynnarar i dag vil svare nei på dette spørsmålet. Det vert hevda at før Jesus kan kome att, må fyrst alle heidningfolk ha høyrt evangeliet og det skal kome ei stor vekking over heile verda. Dette fyrste, som har sitt opphav i nokre ord av Jesus i Matt. kapittel 24, har i alle år vore ei viktig drivfjør i misjonsarbeidet. Denne siste hindringa har vel likevel vorte svekka dei siste åra, sidan sei aller fleste folk på jorda langt på veg er evangelisert, sjølv om det framleis finst land og område der det mest ikkje finst kristne. Når det gjeld dette med ei verdsvekking, hevdar mange forkynnarar at dette er profetert i Guds ord og skal skje i endetida før Jesus kjem att. Opphavet til dette er den såkalla «Joel-profetien» som ein finn hos profeten Joel (kap. 3, 1-5). Konsekvensen av slike synsmåtar er at det vert umogeleg på same tid å hevde truverdig at Jesus kan kome att med det fyrste.

Personleg har eg alltid hevda og forkynt at Jesus kan kome att kva tid som helst, og har såleis hatt selskap med tidlegare hovdingar mellom oss som forkynte dette med stort frimod. Det same gjorde Paulus (1. Tess. 4, 13-18). Eg trur heller ikkje at Paulus tok feil. Derimot vil eg hevde at han hadde akkurat den rette haldninga til dette; han såg med glede fram til den dagen når Jesus skal kome som frelsar for dei som ventar på han (Fil. 3,20). Og han trudde han sjølv skulle få oppleve denne dagen (1. Tess. 4, 17). Hadde det vore ein eller annan profeti som fyrst måtte oppfyllast, er eg sikker på at Paulus hadde visst om dette og undervist om det. Men det gjer han ikkje, så langt som eg har klart å finne ut.

Eg tykkjer det er svært trist at profilerte forkynnarar i dag har slutta å forkynne truverdig om Jesu atterkome. Med det meiner eg at folk umogeleg kan alvorleg ei forkynning om at Jesus snart kjem att, når det samtidig vert lagt ut om denne verdsfemnande vekkinga som fyrst skal kome. Like trist er det at dei som ikkje kan sjå noko hindring for at Jesus kan kome att, har måtta tole hard medfart, og til og med blitt skulda for å vere motstandarar av vekking.

I pinserørsla har det alltid vore eit slagord å «lese som det står og tru som det står». Med det har ein meint at i motsetnad til andre kristne grupperingar, tek vi Ordet bokstaveleg og legg ikkje inn tolkingar. Ei slik haldning meiner eg for det fyrste vitnar om ein set seg sjølv over andre kristne. Dernest vitnar det om liten kunnskap om korleis språk fungerer. Det burde vere ei kjent sak at alle bodskapar som ein sender ut, både skriftleg og munnleg, vert tolka av mottakaren ut ifrå ulik menneskeleg og sosial ståstad, kontekst og mykje meir. Det same må vel òg gjelde når ein les Bibelen. Må ein ikkje fyrst prøve å setje seg inn i korleis til dømes samfunnstilhøva var i det historiske tidsrommet teksten var skriven og kvar handlinga går føre seg geografisk?

Sjølvsagt må slike ting vere bakteppe når ein les og prøver å forstå meininga bak orda. Å trekkje eit skriftord ut av samanhengen sin, vert nokre gonger meiningslaust. Likevel ser ein at dette ofte vert gjort. Det same gjeld òg det å forstå og tolke Ordet ut ifrå vår eigen, vestlege ståstad. Som nemnt ovanfor, har det i samband med Jesu atterkome ofte vore hevda at orda i Matt. 24, 14 fyrst må oppfyllast; som seier at evangeliet om riket skal forkynnast for alle folkeslag før enden kan kome. Ut ifrå dette skriftordet har mange kjent eit kall til å gå med evangeliet til unådde folkeslag. Sjølvsagt er det ikkje noko feil med det, for Jesus har verkeleg gjeve oss i oppdrag å forkynne evangeliet for alle folkeslag (Matt. 28,19).

Slik eg ser det, omtalar ikkje Matt. 24 vår tid i det heile. Det er fleire grunnar til at ein kan hevde dette. Paulus seier i Galatarbrevet at Jesus vart fødd av ei kvinne og fødd under lova ( Gal.4, 4). Dette forstår eg slik at han vart fødd som eit sant menneske, som jøde og i ei tid då Moselova var verksam. Jesus seier sjølv at han ikkje var send til andre enn dei bortkomne sauene i Israelsfolket (Matt. 24). Det var òg i Jødeland Jesus gjekk omkring då Han var på jorda. At det var Jødefolket som var i fokus under Jesu jordeliv, skjønar ein ut ifrå Peter sin reaksjon då han vart beden om å gå til heidningane og forkynne evangeliet (Ap.gj. 10). Det var likeeins lite i Det gamle testamentet som tyda på at heidningane var rekna med i samband med Messias som skulle kome. Når profeten Daniel skriv om Israel sin profetiske kalender som sytti årsveker, er ikkje vår tid nemnd. Her går profeten direkte frå å fortelje på førehand om hendingar i samband med Jesu fyrste opphald her på jorda til tida når Israel skal ta imot han som Messias. Som vi veit, ligg dette siste framleis i framtida; og tida med evangelisk forkynning over heile verda har til no vart i snart to tusen år.

Det er fleire grunnar til å hevde at Jesus i Matt. 24 talar til jødar og om jødane. Fyrst kan ein nemne konteksten, det at han rett før; i kapittel 23, seier at han meir enn gjerne ville samle innbyggjarane i Jerusalem slik ei høne samlar kyllingane under vengjene sine (v. 37). Men det ville dei ikkje. Han profeterer òg at templet skulle rivast ned og at jødefolket ikkje skulle kome til å tru på han og ta imot han før den dagen i ei fjern framtid når han igjen skal ri inn i Jerusalem og for alvor bli teken imot som jødane sin konge (vv. 38-39). Kapittel 24 er eit framhald av det førre kapitlet, og det er difor ikkje så unaturleg at han held fram med å tale til jødefolket. Vidare så spør læresveinane om kva tid desse hendingane vil skje som er nemnde ovanfor. I same spørsmålet knyter dei hans atterkome og verdsens ende nært saman (24,3). Dette var svært nærliggjande for ein jøde sidan dei kjende godt til endetidsprofetiane og hendingar i samband med «Herrens dag», der desse utsegna frå Jesus høvde naturleg inn (Jes 13,9; Klages 2,22; Esek 13,5; Joel 1,15; kap. 2; 3,4-5; 2 Pet 3,10). Dette med «Herrens dag» og verdsens ende er ikkje, slik eg skjønar det, knytt til dagen som vi ventar på,«Jesu Kristi dag», når Jesus sjølv skal kome ned frå himmelen for å hente dei som ventar på han (Fil 3,20-21; 1Tess 4, 13-18;

2 Tess 2,1;1 Kor 1.7; Tit 2,13: Hebr 9,28;). Jesus underviste heller ikkje andre stadar om dette emnet, det var det Paulus som i hovudsak fekk i oppgåve å kunngjere og undervise om (1 Kor 15,51-53). Dette som han kallar ein løyndom ville ikkje ha vore nokon løyndom dersom Jesus sjølv tidlegare hadde undervist om det. Det Paulus kallar «løyndom en», sanninga om kyrkja av jødar og heidningar som Kristi lekam, openberra Jesus heller ikkje (Rom.16,25; Efes.3,3-9;). Vi kan gå utifrå at Jesus frå og med kapittel 24 og ut kapittel 25 omtalar tilhøva slik dei skal bli i den tida som profeten Daniel omtalar som den siste og syttiande veka, som utgjer sju år (Dan. 9,27). Tida vi lever i må liggje mellom vers 26; der det står om at Jesus dør, og vers 27. Det er grunn til å hevde at når Jesus her held si eskatologiske tale, vender han seg til slike som skal gjennomleve denne tida; denne tida som òg vert kalla «ei trengsletid for Jakob» (Jer. 30,7). Såleis står læresveinane her som representantar, ikkje for dei truande i vår tid, men for jødefolket i endetida. Det same kan ein seie om læresveinane som i Ap.gj.1,11 vert kalla «menn frå Galilea». Dette vart sagt rett etter at Jesus vart teken opp til himmelen frå Oljeberget, og det vart sagt at han skal kome att «på same måte». Vi ventar ikkje på dagen når Jesus skal stige ned att til Oljeberget; det skal han derimot gjere når desse sju åra er til ende og han kjem att for å vere jødane sin konge og «Fredsfyrsten» (Sak.14,4-5). Vi trur at den sjuårige trengsletida ikkje kan ta til med Antikrist som leiar før kyrkja er teken bort frå jorda (2.Tess. 2,7-8). I 2.Tess. kapittel to argumenterer Paulus for at «Herrens dag» ikkje kjem før denne trengsletida eller «vreiden» er på sitt verste. Dei kristne skal ikkje oppleve dette, men bli «frelst» frå det (1.Tess.1,10; 2.Tess. 2, 9). Han viser derimot ikkje til noko som må skje før Herren kan kome og hente si kyrkje av truande frå tida med evangelisk forkynning. Ut ifrå dette, kan ein rekne med at læresveinane var «menn frå Galilea» og såleis sto som representantar for jødefolket etter at Jesus har henta dei kristne. Når ein så ser litt på kva Jesus seier som svar på spørsmålet han fekk, ser vi at han talar om falske messiasar, han omtalar ein profeti av Daniel om ein «øydande styggedom» og fortel om ei forferdeleg trengsletid. Dette er ting som var velkjende for jødane, som han her omtalar som «dei utvalde» (vv. 22, 24, 31,).

Når ein så ser på Matt. 24, 14 i et slikt perspektiv, finn eg det svært vanskeleg å kunne hevde at dette verset skal gjelde vår tid; når det ligg midt inne i ei tale som fortel om ein tidsperiode som etter mitt syn kjem etter at kyrkja er blitt henta vekk frå jorda. Som eg har nemnt tidlegare, er det mange som hevdar at Jesus ikkje kan kome att for å hente kyrkja, sidan det framleis finst folkeslag som ikkje er nådde med evangeliet. Men dersom ein ser nøye etter, finn ein to ting som ikkje stemmer i høve til ein slik konklusjon:

1. Dette evangeliet om riket

Fyrst står det at «evangeliet om riket» skal forkynnast for alle folkeslag. Vi legg merke til at det ikkje berre står «evangeliet», men «evangeliet om riket». Kva slag evangelium er så dette?

Forlauparen for Jesus, Johannes, hadde ei forkynning som skulle førebu Israelsfolket på at Jesus, Messias, skulle kome. Dei måtte omvende seg og på den måten verte budde på riket som no snart skulle kome (Matt. 3, 2). Det same gjorde Jesus (Matt. 4, 17. 23; 9, 35). Når vi les dette og liknande utsegner, forstår vi det ut ifrå vår eigen ståstad, og tenkjer med ein gong på det Jesus sa om at Guds rike er inne i oss (Luk. 17, 21). Dette er sjølvsagt sant, for Jesus sa til Nikodemus at han måtte verte fødd på nytt (Joh. 3,3). Og det var profetert om den nye pakta som Gud skulle kome til å inngå med folket, at han skulle gje dei ein ny ande inne i seg og steinhjartet skulle skiftast ut med eit kjøthjarte (Esek. 11,19; 36, 26). Likevel, Messias som jødane venta på skulle vere ein stor og mektig konge og skape eit rike som var kalla «riket for Israel» (Ap.gj. 1,6) eller berre «riket» (Ap.gj. 20,25). Då Jesus rei inn i Jerusalem palmesøndag ropte folket «hosianna Davids son» og tok imot han som kongen deira, Messias (Matt. 21, 15; Mark. 11, 9; Joh. 12, 13). Men, som vi veit snudde stemninga fort. Nokre dagar seinare konkluderer Jesus med at dei «ville ikkje», og han uttalar strenge ord mot folket. Han kjem så med ein profeti om endetida, særleg i høve til Jødefolket. Men før det, fortel han at det kjem eit opphald før desse hendingane tek til. Han beskriv ikkje dette opphaldet, men seier berre at Jødefolket ikkje skal «sjå» han før dei igjen i ei fjern framtid på nytt skal seie «velsigna vere han som kjem i Herrens namn» (Matt. 23, 37-39). Og Jerusalem skal vere nedtrakka av heidningar til tida for heidningane er slutt (Luk. 21, 24). Når heidningane si tid er i ferd med å ta slutt, skal «dette evangeliet om Riket» på nytt bli forkynt som ei førebuing til at fredsriket skal kome til syne der Jesus skal vere konge (Matt. 24, 14). Dette er altså ikkje tale om den slags evangelieforkynning som vi har hatt i snart to tusen år, frå pinsedagen og til no. Tida vi lever i, som kan kallast «hushaldet med Guds nåde» (Ef. 3,2), vil ta slutt når Jesus kjem tilbake frå himmelen og hentar dei som høyrer han til (1.Kor. 15, 23).

Etter dette vil tida kome som Matteus 24 fortel om. Dette vil bli ei «veke» på sju år slik profeten Daniel framsteller det (Dan. 9, 27). Denne tida er mange stader kalla «vreiden» (Jes. 26, 20; Dan. 11, 36) eller «den store trengsla» (Joh.op. 2, 22; 7,14). Dette siste er gjerne avgrensa til tre og eit halvt år (Joh.op. 13,5; Dan. 7, 25), som utgjer den siste og verste halvdelen av perioden. Avslutninga på denne tida vert ofte kalla «Herrens dag», og nokre meiner uttrykket gjeld heile perioden på tre og eit halvt år. Johannes` openberring fortel om ein stor skare av menneske som skal kome frelste ut av den store trengsla (7, 14). I denne tida vil «dette evangeliet om riket» bli forkynt.

2.Tidsalderen sin slutt

Heile denne talen om endetida ein kan lese i Matt. 24 og 25 er eit svar på læresveinane sitt spørsmål i Matt. 24, 3. Der kan det verke som dei knyt saman Jesu atterkome og verda sin ende. Her kan vi merke oss at det greske ordet som ligg til grunn for «verda», «aion», betre kan omsetjast med «tidsalder».
Med sin jødiske bakgrunn hadde læresveinane ei oppfatning av at når Jesus skulle kome att som Messias slik profetiane skildrar det, så skjer det samtidig med at denne tidsalderen får eit klimaks og avslutning og knytt til førestellingane om «Herrens dag». Så når Jesus i v. 14 nemner enden eller avslutninga som skal kome, må det vere dette han meiner. Såleis vert det feil å hevde at evangeliet om Jesus må verte forkynt for alle folkeslag før han kan hente dei truande. Det at Jesus hentar dei sanne kristne, markerer ikkje enden på tidsalderen.
Joel-profetien

På same måten som nokre av Jesu utsegner i Matt 24, er denne profetien blitt sett fram som ei hindring for at Jesus kan kome att kva tid som helst. Ut ifrå denne profetien har ein hevda at ei stor og verdsfemnande vekking skal gå over jorda før Jesus kan kome att.

Personleg meiner eg at orda hos profeten Joel (kap 3, 1-5) ikkje gjeld oss kristne i dag eller i næraste framtid. Det er fleire ting som gjer at eg vil hevde dette. Ei viktig årsak til at mange etter mitt syn har mistyda dette og andre skriftavsnitt, er at ein har ein sterk tendens til å lese og oppfatte Bibelen utifrå vår eigen, vestlege ståstad. Kristne i dag ynskjer helst at det ein les er tidsaktuelt og seier noko til dei i deira eigen kvardag. Dette kan kanskje vere greitt i samband med meir generelle tekstar. Men ikkje minst i høve til bibelske profetiar, kan eit slikt utgangspunkt føre til at ein kjem på avvegar.

Når Peter talar til folket på pinsedagen etter at den Heilage Ande var komen, viser han til denne profetien av Joel (Ap.gj. 2, 16) for å forklare kva som hadde skjedd. Peter og dei andre som fekk oppleve dette, vart alle fylte av Anden (2, 4). Han seier ikkje at det dei hadde opplevd, var oppfyllinga av profetien; men at det var dette profeten tala om. Tidlegare kunne enkeltpersonar, som t.d. profetane, verte fylte av Anden. Anden kom over dei slik som Jesus òg vitnar om (Luk 4, 18). Men det som skjedde på pinsedagen var annleis, for her vart alle fylte med Anden. Dette var noko av det same som Joel profeterte om når han sa at Anden skulle rennast ut over «alt kjøt». Og vi som lever i dag, veit at pinsedagen vart starten på noko som har vart heilt til no; at Gud deler ut sin Ande til alle som tek imot evangeliet og trur på om Jesus. Likevel er det vel semje om at den endelege oppfyllinga av profetordet enno ligg i framtida.

Når mange hevdar at denne profetien omhandlar ei verdsvid vekking, er det truleg på grunn av uttrykket «alt kjøt». Men det er vel ikkje noko som seier at det skal tyde absolutt alle menneske på jorda. Uansett må det vel berre gjelde dei som trur. Heller ikkje er det, så langt eg har sett, omtala ei slik stor vekking i brevlitteraturen i Det nye testamentet.

Som nemnt ovanfor, må ein når ein skal forstå Bibelen, sjå litt på konteksten – samanhengen der teksten står. Og i dette tilfellet står denne profetien av Joel midt inne i ei lang skildring av Herrens dag (kap 2 og 3). Det med «Herrens dag» er sikkert grunnen til at mange meiner denne vekkinga skal kome før Jesu atterkome. Det trur eg òg er rett, berre at den tilbakekomsten det her er tale om, er ikkje den hendinga vi truande i dag ventar på – den dagen då Jesus skal kome som frelsar for dei som ventar på han (Fil 3, 20). Denne hendinga kallar Paulus «ein løyndom» (1 Kor 15, 51). Og denne løyndomen er det særleg Paulus som har fått i oppgåve å kunngjere, og inngjekk i oppdraget «å fullføre Guds ord» (Kol 1, 25). Dette var skjult heilt til det vart kunngjort av Paulus, og kan såleis ikkje vere med i Joel sin profeti.

Profetien tek til med «Og deretter» (3, 1). Så for å finne ut av tidsplasseringa må ein studere versa rett før. Og der skildrar profeten korleis det vert når jødefolket har fått «læraren til rettferd» (2, 23) og folket skal prise herren fordi han har stelt så godt med dei og at han bur midt i Israel (vv. 26, 27). Dette må vere ei skildring av eit Israel som har teke imot Messias. Når profeten Joel så brukar uttrykka «dykkar søner og døtre» når han i kapitlet før har omtala jødefolket, skulle det vere ganske klårt at det er nettopp dette folket som er i fokus for profetien. Vidare i kap 3, 5 seier profeten at den som kallar på Herren, vert frelst. Og han fortel om ein flokk på Sions berg som har overlevd dei fryktelege trengslene. Dette stemmer godt med ein profeti av Sakarias som talar om at to tredjedelar av Israel skal omkome og berre ein tredjedel overleve (Sak. 13, 8-9). Såleis betyr kanskje det å «bli frelst» i denne samanhengen like mykje å bli berga frå fysisk død. Ut ifrå slike synsmåtar, finn eg lite som tyder på at desse versa hos profeten Joel skulle vere ei skildring av ei verdsvekking der store skarar av menneske kjem til tru på Jesus.

Ein må heller ikkje gløyme kva hovudfokuset i denne profetien er: det at Anden skal rennast ut på ein særleg rik måte. Dette kan ein likeeins lese om hos profeten Sakarias som i kap 12 og v. 10 fortel om at nåde- og bøneanden skal rennast ut over Davids hus og dei som bur i Jerusalem. At det er Israel Joel omtalar, ser ein kanskje endå tydelegare om ein les vidare i vers 6 der han skriv at dette kjem til å skje når Gud skal gjere ende på jødefolket sitt fangenskap. Og dette skjer når Jesus sjølv kjem ned frå himmelen og set føtene fysisk på Oljeberget og frir folket sitt ut frå alle dei nasjonane som på den tida har gått til krig mot dei (Sak 14). Såleis går orda i oppfylling som «mennene frå Galilea» fekk høyre i samband med Jesu himmelfart (Ap. gj. 1, 11). Vidare i neste vers held profeten Joel fram med å fortelje om at herren skal gå i rette med desse heidningfolka som då er samla, noko som Jesus sjølv fortel om i Matt 25. Dette høver òg med tidsperspektivet.

Alt i alt har eg vanskeleg for å kunne forstå desse tekstane som ei skildring av vår tid og slik at desse profetiane skulle gjelde oss. Og dei bibeltekstane som skulle vere til hinder for at Jesus kan kome att, fortel truleg om hendingar som skal skje etter at han har henta dei truande vekk frå jorda. Eg vil såleis hevde at vi med stort frimod bør forkynne at Jesus kan kome att kva tid som helst.