Ein ny skapning – betraktninger rundt Efeserbrevets 2. kapittel

Dykk òg har han gjort levande»,  startar kapittelet med. Dette må vise tilbake til v. 20 i det føregåande kapittelet, der vi les at «her«legdomens Far» reiste Kristus opp frå dei døde. Denne utsegna kan tyde på at det er ein samanheng mellom det at Jesus vart reist opp frå dei døde og at vi vart gjort levande (Kol 2, 13). Vi må rekne med at dette ikkje berre gjeld Efesarane, som brevet er skrive til, men òg truande menneske i dag.

Før Paulus går meir i detaljar om det å bli gjort levande, får han fram her i starten av kapittelet kontrasten mellom før og no. Dei var «døde». Det er sikkert mange som kan lure på kva som er meint med det. Men vi veit at døden kom inn i verda på grunn av at våre første foreldre synda (Rom 5, 12). Dei døydde åndeleg.  Og i desse tre fyrste versa skildrar han korleis det var med Efesarane tidlegare. Men Paulus seier òg at det var slik vi alle levde. Han reknar faktisk seg sjølv med òg, han som hadde vore rettruande jøde (Gal 1, 14). Vi legg merke til at det tydeleg står «før», det er altså ikkje slik det er naturleg at ein kristen skal leve. Vi finn òg her tre krefter som verkar i «borna åt vantrua» og som er dei kristne sine fiendar: verda (Matt 18, 7; 1 Joh 5, 19), djevelen og kjøtet. Dei var «av naturen» vreidens born. «Naturen» er her ein nøkkel. Dette er ein natur eller legning som vi menneske har arva heilt frå Adam gjennom fedrane (1 Pet 1, 18).

 

Men i v. 4 kjem eit «men» som viser at det er kome inn noko som har brote denne negative trenden. Gud har gripe inn i menneskehistoria på ein aktiv måte. Årsaka til at han har gripe inn på denne måten er hans natur: At Gud er kjærleik og elskar sin skapning (v. 4; 1 Joh 4, 8). Kapittelet starta med «Dykk har han gjort levande» utan at det vart sagt noko meir. I v. 5 gjentek Paulus setninga, men med eit forklarande tillegg: «med Kristus». Han gjentek at vi var døde, men er blitt levandegjorde med Kristus. Så kjem setninga: «Av nåde er de frelste», også dette utan noko forklaring. Men dette med frelsa må ha samanheng med at vi er blitt gjort levande. Det er ikkje alle menneske som er blitt gjort levande, men berre dei som er frelste. «Med Kristus» må bety at det gjeld berre dei som er delaktige i Kristus, og det er dei frelste – dei som er frelste av Guds nåde (v.5).

 

V. 6: «Han vekte oss opp med han og sette oss i himmelen med han, i Kristus Jesus,» Her går Paulus over til å utdjupe meir fylgjene av å vere delaktige i Kristus, vere oppvekte med han. Dette får no enorme dimensjonar når vi ser at vi ikkje berre er vekte opp men han slik han vart vekt opp frå dei døde av Faderen, men vi er til og med blitt plassert i himmelen saman med han. Og så legg han til «i Kristus», som er eit svært sentralt uttrykk i Paulinsk teologi. Dette er ikkje berre talemåtar for Paulus, og heller ikkje for Gud. Han ser dei frelste plassert i Kristus. Eg trur ikkje , slik somme seier; at vi «eigentleg» allereie no er i himmelen. Men som det står i kap. 1 er vi allereie velsigna med «all åndeleg velsigning i himmelen» og vi har fått Anden som pant på arven vi skal få seinare.      Det at vi er «sette» i himmelen betyr at på grunn av vår stilling i Kristus har vi fått den plassen, sjølv om tida ikkje er koma då vi skal plasserast der.

 

Og grunnen til at vi er blitt plassert i himmelen med Kristus er det vi les i v. 7:  «… så han i dei komande tider kunne visa sin overveldande rike nåde i godleik mot oss i Kristus Jesus.» Så seier somme at «dei komande tider», det er no. Dersom ein trur det, har ein tapt av syne den fantastiske planen Gud har for oss i framtida. Dette er ei «populær» tolking som ganske enkelt byggjer på tanken at det er mange år sidan Paulus skreiv dette brevet; og difor må vi leve i det som for Paulus var «komande tider». Men då er ein blind for at Guds ord er oppdelt i klårt definerte tidsbolkar, såkalla tidshushald (Ef 1, 10; 3, 2). Paulus levde i «hushaldet med Guds nåde» (3, 2), og det same gjer vi. Difor er «komande tider» det same for oss som for Paulus: tidsperiodar som kjem etter nådetida som vi lever i no.

 

V. 8 tek til med «for», noko som viser tilbake til «nåde» i det føregåande verset. Og det er hovudordet i det som kjem etterpå; frelsa er av nåde, det er Guds gåve. Nokre har fått det til at det er trua som er ei Guds gåve, noko som truleg er luthersk arv. Samanhengen seier oss at det er nåden og frelsa som er i fokus her – ikkje trua. « Ved tru» kjem berre inn som eit innskot.

 

 

Igjen ser vi i v. 10 ein argumentasjon som tek til med ordet «for», som viser tilbake til to tidlegare vers, der Paulus skriv at det er av nåde vi er frelste, og ikkje av gjerningar. Derimot er vi som kristne skapte til å gjere gode gjerningar, som eit resultat av frelsa.

 

Eg har sett som overskrift: «Ein ny skapning», for det er Paulus sin hovudtanke gjennom desse bibelversa. Han tek til i v.10 med å seie:  «vi er Guds verk, skapte i Kristus Jesus » – og held fram i v.15: –  «til eitt nytt menneske». Så kan ein  kanskje lure på kven som er meint med «vi», her i teksten. Og det er Paulus sjølv og dei han tiltalar som «de» – altså mottakarane av brevet, dei truande i Efesus – dei som er frelste av nåde, ved tru (v.8). Dermed kan vi òg rekne med oss sjølve, vi som trur på Jesus.

 

Det står at vi et hans verk – altså han som er nemnt i v.8, og det er Gud Fader. Det som vi her les, fører tankane tilbake til skapingsforteljinga i 1.Mosebok der alt det synlege vart skapt og til slutt det ypparste i skaparverket – mennesket. Der les vi at Gud forma mennesket mest slik ein kunstnar eller handverkar arbeider. Det er også slik vi føresteller oss det når vi les dette på engelsk, der det er omsett med «workmanship», som meir betyr «ein handverkar sitt arbeid».

 

Og vidare står det at vi er skapt i Kristus Jesus. Det greske ordet som ligg til grunn her, er: krizo, som betyr å skape noko av ingenting.«… til gode gjerningar, som Gud føreåt har lagt ferdige så vi skulle ferdast i dei.» Ovanfor står det at frelsa ikkje er på grunn av gjerningar, men her er vi skapte til gode gjerningar. Dette er ikkje «lovgjerningar» (Rom 3, 20; Gal 3, 10). Men heller gjerningar som blir til fordi vi er gjort åndeleg «levande».

 

Når så Paulus, som var jøde, går vidare og vender seg til efesarane, vil han fyrst prøve å få fram den store kontrasten mellom   før og etter dei kom til tru på Jesus. Han beskriv deira stilling slik:

 

Fyrst av alt så var dei heidningar, noko som for ein jøde var svært viktig å poengtere. Ein heidning er ein som ikkje er jøde. Og jødar hadde ikkje samkvem med heidningar og kunne ikkje til dømes gå inn i huset til ein heidning, j.fr. Peter då han skulle gå til Kornelius sitt hus (Ap.gj.10,28 og 11,3). Jesus måtte reise gjennom Samaria (Joh.4,4). Teksten vår antyder til og med at det var fiendskap mellom jødar og heidningar.

 

I v.12  ramsar Paulus opp deira tidlegare stilling, og vi nemner det i motsett rekkjefølgje: a) Dei var i  verda, slik det står i v.2.  b) Dei var utan Gud. Gud var Israel sin  Gud. Og før evangeliet om Jesus vart forkynt, var heidningane utan Gud, sjølv om dei trudde på mange slags gudar som i røynda ikkje var gudar.

c) Utan Gud, var dei òg utan von. Bibelen lærer oss at det er berre eitt namn vi kan bli frelst ved.(Ap.gj 4,12 og Joh 3,16).

d) Som heidningar  var dei framande for paktene. Paktene var gjorde med eitt folk . Og  dei tok vare på Guds ord og ga det vidare til nye slekter. Men der var òg lovnader som galdt alle nasjonar.

e) Dei var stengde ute ifrå Israels borgarrett. Ja, kva var det som var så stort med det? «Mykje på alle måtar», seier Paulus i Rom 3,2. (Kap. 9, 4). Mange og store lovnader var knytte til nasjonen Israel – til og med nasjonal frelse (Jer 31,31-34 . Es 66,8. Sak 3,9.; 13,9). Og denne nasjonen var kvinna som fødde fram gutebarnet i Åp 12. (Rom 9,5).

f) Men som vantruande, sto efesarane utanfor Kristus. Sjølv om Jesus døydde for heile verda, er det likevel berre ved å ta imot den glade bodskapen , at ein får del i frelsa som er i Kristus.

 

Men no er tydelegvis dei som brevet er skrive til – og vi – komne i ei ny stilling overfor Gud. Dei er no i Kristus Jesus. Dette uttrykket står i skarp motsetnad til uttrykket  utanfor Kristus. Utifrå denne teksten , og andre stader hos Paulus, verkar det for at Gud ser oss menneske plassert anten i eller utanfor Kristus. Og når vi har ein slik posisjon, er det at vi er komne nær Gud – nærare enn Israel som nasjon (v.13).

 

«Er komne nær til ved Kristi blod.»  Dette med Kristi blod må vel kunne seiast å vere fundamentet under alt som vert sagt eller skrive  både her i brevet og elles i heile Bibelen. Kristi blod er paktsblodet i den nye pakta. (Matt 26,28. Luk 22,20) Det blodet har gjeve oss forlating for syndene våre, (Efes 1,7. 1 Pet 1,18-19) dei som var årsaka til at det vart avstand mellom oss og Gud, og som gjorde at vi faktisk var fiendar. (Rom 5,10) Og då Jesus gjekk inn i sjølve himmelen (Hebr.9,24) med sitt eige, dyre blod (1 Pet 1,19.Hebr.9,12), bar seg sjølv fram som eit ulasteleg offer for Gud, (Hebr 9,14) vart vi forlikt  med Gud (Rom 5,10), eller rettare: Gud forlikte seg med oss (Kol 1,20 og 22). Han skapte fred ved å fjerne årsaka til fiendskapen – synda.(v.20)

 

Men når Paulus frå v.14  held fram med å tale om Kristus som vår fred som fjerna fiendskapen, er det grunn til å tru at det er tilhøvet mellom jøde og heidning som er i fokus. Han talar her om ein skiljevegg, og truleg tenkte han på den muren eller veggen på tempelplassen som hindra heidningane frå å gå lenger inn på tempelområdet. Dersom ein heidning gjorde det, kunne jødane steine han utan vidare rettargang.

 

Dette skiljet reiv Jesus ned idet Han ved sitt kjøt avskaffa Mose lov (v.15), (Rom 10,4). «Ein lekam laga du for meg», seier Sonen i Hebr 10, 5. (Rom 8,3) Jesus vart fødd som eit sant menneske, men utan syndig arv frå fedrane (1 Pet 1,18). Fødd under lova, d.v.s. som jøde, og måtte dermed leve under dei strengaste krav Gud stiller til eit menneske. Jesus oppfylte lova på to måtar:

a) Han levde til punkt og prikke moralsk sett etter det lova kravde både i bokstav og ånd.

b) Så oppfylte Han lova også med omsyn til dei offer som vart kravd for brota  som var gjorde og skulle i framtida gjerast (Rom 3,25). Som den fyrste Adam vart vår representant då han synda, skulle den siste Adam vere vår representant då Han døydde for synda (1 Kor 15,45). Lova herskar over mennesket så lenge det lever (Rom 7,1); og vi døydde frå lova ved Kristi lekam (v.4).

 

Målet med alt dette var, som det står i v. 15, «…å gjere dei to til eitt nytt menneske». Gud har tidlegare skapt eit menneske, Adam, det fyste mennesket (1 Kor 15,45). Det fyrste menneske, Adam, døydde med Jesus, den siste Adam. Då Jesus stod opp, var det som det andre mennesket (v.47). I teksten vår las vi at Gud har skapt oss i Kristus til eitt nytt menneske (v.10 og 15). Dette blir då det andre nyskapte mennesket som er skapt (2 Kor 5,17), Jesus som hovud og kyrkja som hans lekam. Dette er løyndomen som Paulus underviser vidare om i kap.3.

 

Som tidlegare nemnt, er det dei som er frelst av nåde ved tru, som har denne posisjonen i Kristus – eller er plassert i Han (v.8). Men korleis vert vi plassert i Kristus? Eg trur vi finn eit svar i 1 Kor 12,13.Vi er klar over at dette er eit verk av Anden, og der står det at vi vart døypt med ein Ande inn i ein lekam, slik det står i den engelske bibelen.

 

Gud har altså klart å forlike både jødar og heidningar med kvarandre og med seg sjølv ved Jesu korsdød (v.16). Når vi er i Kristus, har vi tilgjenge til Faderen (v.18). Det same kan vi lese i Hebr.10,19 og vidare. Det er framleis Jesu blod som gjer oss frimodige. Når vi er i Kristus,  så er vi òg under Hans blod, som dekkjer over oss og syndene våre. Her står det òg at forhenget i tempelet er førebilete på Jesu lekam som vart broten. I samband med at Jesus døydde på korset, står det at forhenget i tempelet rivna ovanfrå og ned som av Guds hand (Mark.15,38). Her viste Gud at stengsla mellom Gud og menneske no var fjerna og vegen opna inn til Faderen.

 

Paulus seier i 2 Kor 5, 17 at dersom nokon er i Kristus, så er han ein ny skapning. Han seier òg at alt det gamle er forsvunne og alt er blitt nytt. Vi skjønar altså at for den som er komen til tru på Jesus, er livet vorte heilt omskapt; fått ein heilt ny kvalitet over seg. Dette er noko mange av oss kan vitne om i samband med vår eiga omvending. Men ofte høyrer ein nyomvende personar omtala som «nye skapningar» som om kvar enkelt kristen skulle vere «nyskapt». Dette er ikkje noko som Bibelen lærer oss. Bibelen fortel ikkje om så mange menneske som er blitt skapte; det vanlege er derimot å bli fødde. Dei fyrste menneska, Adam og Eva vart skapte individuelt av Skaparen sjølv (1 Mos 1, 7; 2, 21-22). Då Gud skapte Adam, brukte han slike stoff som finst elles på jorda (1 Mos 2, 7). Så langt på veg kan ein seie at han vart skapt frå inkje. Men i Eva sitt tilfelle, kan vi seie at han tok frå det han allereie hadde skapt og «vidareutvikla» det (2, 21). Det kan vere litt av grunnen til Adam og Eva ikkje vert omtala som det fyrste og det andre mennesket. Den andre grunnen kan vere at Skrifta reknar fedrene som den parten som fører arven vidare til borna (1 Pet 1, 18). Såleis er det at Paulus i 1 Kor 15 omtalar Adam som det fyrste og Jesus som det andre mennesket (vv. 45 og 47). Og vi les ikkje vidare om det «tredje» og «fjerde» mennesket. Derimot les vi i kap. 15 om den fyrste og den siste Adam, noko som kan vere skrive for å understreke at det ikkje kjem fleire (v. 45). Vidare ser det ut til at begge disse menneska, Adam og Kristus, er framstelte som stamfedrar. Dette kjem til uttrykk i vv. 48 og 49. Slik som det fyrste mennesket var, slik er alle etterkomarane hans vorte. Alle menneska som sidan er blitt fødde, er altså ikkje skapte individuelt, men er gjennom arvestoffa ei vidareføring av foreldra sine. Slik er det ikkje berre med det fyrste mennesket; men òg det andre mennesket, Kristus, er framstelt som ein stamfar (v. 49). Dei truande, som gjennom den nye fødselen er plassert i Kristus, «skal bere den himmelske sitt bilete». Vi skal altså bli prega av Kristus, slik at det kan merkast i det ytre; det vert eit nytt liv.

 

På same måten som det i 2 Kor 5, 17 står at den truande er ein ny skapning, står det i Efes 2, 15-16 at Gud har skapt alle truande til eitt nytt menneske; ikkje mange. Her er det tale om to grupper, jødar og heidningar, som er vorte sameina i ein lekam (v. 16). Ved seg sjølv skapte han dei to til eitt nytt menneske. I 1Korintarbrev lærte vi at Jesus var den siste Adam og er det andre mennesket. Når vi her i Efesarbrevet les om det nye mennesket, skjønar vi at det er ikkje er tale om eit tredje. Derimot viser dette at Jesus, det andre mennesket, som ein ny stamfar tek opp i seg sjølv alle dei som trur på han. Og slik har Gud skapt eit nytt menneske; ein ny mennesketype – vi kan snakke om ei nyskaping (Efes 2, 10). Her ser vi at vi er skapt og forma som Guds eige handverksarbeid (workmanship). Denne sameininga der alle truande er i Kristus der han er hovudet og vi lemane, kallar Paulus løyndomen eller Kristi løyndom (løyndomen i Kristus) (Efes 3, 3-4). Ein stad seier han et denne løyndomen er stor (Efes 5, 32). Og denne løyndomen er sameininga mellom Kristus og kyrkja.