Jesu endetidstale

Denne tala heldt Jesus tysdag i den siste påskeveka. Det er no heilt avgjort at jødefolket har forkasta  Jesu tilbod om frelse og eit Messiasrike. I Matt 23, 37 seier han at gjerne ville samle Jerusalems born som ei høne samlar kyllingane under vengjene sine. Men dei ville ikkje. Han er i tempelet når han seier dette. Og han held fram med å framseie ein dom over tempelet, « huset dykkar », at det skal leggjast audt (v. 38). Dette skal skje heilt bokstaveleg, men kanskje Jesus her òg tenkjer på Davids hus som i overført meining skal leggjast audt. Han forlet no dette folket, og dei skal ikkje kome til å sjå han igjen før dei igjen ein dag skal rope «velsigna vere han som kjem i Herrens namn» (v. 39). Så går han ut av tempelet og mot Oljeberget saman med læresveinane. Medan dei er på vegen, seier Jesus at dette prektige tempelet med slike kolossale steinar i framtida skal verte øydelagt slik at ikkje «stein skal verte att på stein» (Matt 24, 2).

Når skal dette skje? Teiknet på atterkoma og enden?

Når dei så er komne til Oljeberget og læresveinane er åleine med Jesus, spør dei han når dette skal skje; og dei legg til to andre spørsmål: Kva teiknet skal vere på hans atterkome og enden på tidsalderen (v. 3). Sidan dei spør alle desse tre spørsmåla i samanheng, må det tyde på at Jesus har tala om desse tinga før og at dei heng saman i tid. Som svar på desse spørsmåla, held så Jesus si tale om endetida. Denne tek til med Matt 24, 4 og held fram til og med kapittel 25.

Vi forstår at denne tala spring ut ifrå dette faktumet at jødane har forkasta Jesus og følgjene av dette. Såleis kan vi i utgangspunktet gå ut ifrå at det er jødane som er i fokus, og at det er framtidige historiske hendingar som gjeld dette folket Jesus her på førehand fortel om. Ofte vert desse profetiane tolka slik at dei skulle gjelde framtidige hendingar der den kristne kyrkjelyden skulle vere aktør. Men dette er noko Jesus aldri tala om.

 

Trengselstida

Jesus startar tala si med å profetere om ein tidsperiode i framtida som skal bli vanskeleg særleg for jødefolket (vv. 4-14). Han vender seg direkte til læresveinane og seier «de må ta dykk i vare». Dette gjer han sjølv om ingen av dei vil oppleve oppfyllinga av desse profetiane. Difor må vi gå ut ifrå at dei her står som representantar for folket deira som kjem til å oppleve det.

Når det gjeld det fyrste spørsmålet: «når skal dette skje?» Så refererer læresveinane til det Jesus hadde sagt om øydelegginga av templet og Jerusalem. Ei førebels oppfylling av dette skjedde i år 70 under den romerske hærføraren Titus. Historia fortel at nokre jødekristne trudde på desse profetiane og rømde frå Jerusalem slik Jesus seier i vv.15-20, då dette skjedde. Men mange trudde ikkje på det, og kom seg ikkje unna.

Elles så skildrar Jesus ein tidsperiode på sju år. Og denne perioden er samanfallande med den såkalla «veka» som profeten Daniel talar om (Dan 9, 27). På same måten som Daniel deler denne «veka» i to halver, ser det ut som Jesus gjer det same; fyrste delen: vv. 4-8, og andre delen: vv. 9-14.

I den fyrste delen tek Jesus til med åtvare mot falske messiasar som skal kome. Det har vel allereie vore dei som har gjeve seg ut for å vere Messias (v. 24; 1 Joh 2, 18), men i liten grad. I denne tida skal mange gjere det. Men i særleg grad tenkjer eg på ein som skal kome opp og fram i endetida, nemleg Antikrist. Han blir ein mot-kristus men òg ein som gjev seg ut for å vere Messias. Og såleis ser det ut som han lurer jødane og inngår ei fredspakt med dei tidleg i denne sjuårs-perioden  (Dan 9, 27). I denne tida skal det vere krigar, hungersnaud og jordskjelv. Dette er berre opptaket til «føderiene». Det vert verre i siste delen av perioden.

Uttrykket som Jesus brukar her, «føderiene», må bety smertene og trengsla  som skal «føde» fram ein ny tidsalder på jorda.

 

Den store trengsla

Men midt i perioden skal pakta brytast ved at Antikrist gjer slutt på ofringane i tempelet og i staden set opp «den øydeleggjande styggedomen» (Dan 11, 31). Då bryt ei stor trengsle og forfølging bryt ut, som Jesus skildrar frå v. 9. Den tida som då kjem, er det at Jeremia kallar «ei trengsletid for Jakob» (Jer 30, 7). Då skal det i særleg grad  bli forfølging mot jødane. Dei skal då hatast av alle folkeslag (Matt 24,9).  Dette jødehatet har vore sterkare eller svakare opp gjennom tidene, men i denne tida skal det nå ein endeleg topp.

I vers 14 seier Jesus at «dette evangeliet om riket» skal forkynnast for alle folkeslag, og så skal enden kome. Dette verset har vore mykje brukt som ei drivfjør i misjonsarbeidet, sidan ein seier at alle folkeslag må få høyre evangeliet for at Jesus skal kunne kome att. Det er to ting som kan seiast som kommentar til det: For det fyrste er ikkje dette ei skildring av misjonsarbeid i vår tid, men av trengsletida der jødane er i fokus. Dette evangeliet som her vert forkynt er «evangeliet om riket». Dette er ei evangelieforkynning som skal gå føre seg under trengsletida som ei førebuing på riket som snart skal kome. Og for det andre er ikkje Jesu atterkome for dei truande «enden». Hendingane i samband med enden er det Jesus skildrar i kap. 24 og 25 som svar på læresveinane sitt spørsmål i v. 3.

Frå v. 15 og til 28 skildrar Jesus korleis det vert siste halvdelen av «veka». Denne  bolken tek til med at «den øydeleggjande styggedomen» vert stilt opp. Dette talar Daniel òg om (Dan 11, 31). Kva denne «styggedomen» er for noko kan vere litt vanskeleg å seie, men ofringane vert stansa og Paulus seier i 2 Tess 2, 4 at Antikrist skal setje seg i tempelet og gje seg ut for å vere Gud.

Då skal det bli ei slik trengsle som det aldri før har vore på jorda (v. 21) og Jesus skildrar her meir detaljert korleis det vert i denne perioden. Denne trengsla vert så stor at ho må forkortast, for at ikkje alt levande skal gå med (v. 22). Og det skjer ved at Jesus kjem tilbake til jorda med makt og velde (v. 27; Op 1, 7; Sak 14, 4; Ap. gj 1, 11). Og resten av kap. 24 og heile 25 skildrar Jesus hendingar i samband med dette og til slutt enden på tidsalderen. I v. 29 til 31 les vi om overnaturlege teikn og store hendingar som omfattar heile verda. Og han skal samle sine «utvalde», jødar frå heile verda i Israel.

 

«Riket» står for døra, men ikkje alle vert med inn

Han går så vidare med å fortelje om teikn som vitnar om at denne tida er nær, når fikentreet tek til å gjere seg klar for sommaren (v. 32). Og «sommaren» det er «riket» for Israel.

 

Ingen kjenner dagen eller timen

Vidare er det om å gjere seg klar til gjenkomsten, for ingen kjenner dagen eller timen (v. 36). Dette avsnittet viser at i samband med Jesu gjenkomst vert det ei utveljing eller dom der det vert avgjort kven som vert straffa og kven som kjem inn i riket.

 

Den gode og den vonde tenaren

Og i v. 45 til 51 skildrar Jesus sinnelaget til det trufaste tenaren kontra den vonde, og korleis det kjem til å gå med dei begge. Vi skal framleis hugse at det er jødar Jesus talar til her, sjølv om dette òg kan ha ålmenn tyding. Vi legg merke til at det i samband Jesu atterkome vert ein slags dom over jødar; nokre vert løna og andre vert straffa (vv. 47 og 51).

 

Likninga om brurmøyane

Dette er det han eigentleg held fram med i kap. 25. Dette kapitlet tek til med likninga om dei ti brurmøyane (25, 1-13). Kap. 24 slutta med at herren til tenarane kom og straffa den vonde tenaren og dømde han til ein plass der «dei grèt og skjer tenner». Når så kap. 25 tek til med å seie:  « skal himmelriket vere å likne med ti brurmøyar », veit vi at dette er noko som skal gå føre seg i samband med at Jesus møter jødefolket til dom før inngangen til det tusen år lange fredsriket. Handlinga i likninga skildrar eit tradisjonelt bryllaup i Midtausten.

I dette området er det slik at bryllaupsfeiringa går føre seg i to avdelingar. Det er fyrst ein seremoni og feiring i brura sin heim saman med brura sine slektningar og vener. Dette går over fleire dagar. Når så denne feiringa er slutt, reiser brureparet saman med eit brurefølgje til brudgommen sin heim for å fortsetje feiringa der. Når dei kjem fram dit, er det gjerne seint på kvelden og mørkt. Då er skikken at brudgommen sine slektningar og vener tek med seg lampar ut for å møte brurefølgjet. Det er altså ikkje brura som går ut for å møte brudgomen, ho kjem derimot saman med han. Dei går så inn i huset og feirar bryllaupsnattverden («Nattverd» betyr kveldsmåltid )(Op 19, 9).

Den vanlege tolkinga av denne likninga er at det er vi som trur på Jesus som er desse brurmøyane som ventar på at Jesus skal kome og hente oss heim til himmelen. Brurmøyane vert då å forstå som Jesu brur.

Det er særleg to ting som talar imot ei slik forståing: For det fyrste trur vi at vi ikkje skal vere på jorda på den tida når handlinga i likninga skjer. For det andre skjønar vi ut ifrå samanhengen at det ikkje er sanne truande kristne som er i fokus her, men derimot jødefolket under trengsletida.

Når ein så skal tolke denne likninga, er det nokre element som er ganske klåre: Det at Jesus sjølv er «brudgommen», er dei fleste samde om. Likeeins kan ein einast om at frelste kristne er «brura». Vi som trur på Jesus, ventar på at han skal kome og hente oss til himmelen før trengsla (1 Tess 5, 9). Dette stemmer over eins med at fyrste delen av bryllaupsfeiringa skal gå føre seg i brura sin heim. Og dei frelste sin heim er Det himmelske Jerusalem (Gal 4, 26; Hebr 12, 22; Op 21, 9-11). Når handlinga i likninga startar, er denne delen av bryllaupet over, og vi saman med Jesus og eit brudefølgje av englar reiser frå himmelen til Israel der Jesu «brør», jødefolket, er for å ta imot han (Sak 14, 4-5). Igjen er det nokon som vert løna med at dei får kome inn til bryllaupet, men nokre vert stengde ute. (Kap 25, 10-12).

 

Likninga om talentane

Denne likninga handlar slik som ovanfor om ein herre som hadde tenarar (Kap. 25, 14-30). Han reiste langt bort og kom tilbake, noko som går igjen i heile denne tala. Likninga går ut på korleis tenarane har forvalta det han tiltrudde dei før han drog.

Det er lite tvil om at denne herren er Jesus. Her tek kanskje Jesus for seg ei viktig side av det jødane skal stå til rette for: Jødefolket er blitt tiltrudd svært mykje (Rom 3, 2). Nokre har vore trufaste, og vert løna med å få gå inn til festen og gleda (vv. 21, 23). Men ein vart straffa på same måten som den vonde tenaren i likninga ovanfor (Kap. 24, 51).

 

Menneskesonen dømer heidningane (folkeslaga)

Jesus har no hatt oppgjer med Jødefolket og bestemt kven som skal få del i «riket» som snart skal ta til (Sak 13, 1og 9; Mal 3, 3).

Så samlar han alle nasjonar og folkeslag framfor seg (Kap. 25, 31-46). Han skil dei i to grupper,  som han kallar «sauene» og «geitene». «Sauene» vert løna med å «arve riket» fordi dei har gjort godt mot jødane, Jesu «brør», under trengsletida der Jødane i særleg grad har vorte råka (vv. 34-40). Gjennom dette har dei vist eit sinnelag som er resultat av å vere frelste. «Geitene», som ikkje hadde gjort dette, vart straffa (v. 41).

Dette er ikkje den endelege dom der alle menneske frå alle tidsaldrar skal dømast (Op 20, 11-15); dette er heidningnasjonar og -folk som lever på jorda ved inngangen til det tusenårige fredsriket.

Slik eg skjønar Jesu tale om endetida, er det berre frelste, truande menneske som får vere med inn i Tusenårsriket. Gjennom trengsletida vert evangeliet forkynt over heile verda, om at riket står for døra og kva ein må gjere for å bu seg på det (Kap. 24, 14). Det gjeld her som i tidlegare tidsaldrar: det er ved omvending og tru på Jesu ein vert frelst; ikkje gjerningar.


2 Responses to Jesu endetidstale

  1. Avatar Johnnis
    Johnnis says:

    «Historia fortel at nokre jødekristne trudde på desse profetiane og rømde frå Jerusalem slik Jesus seier i vv.15-20, då dette skjedde. Men mange trudde ikkje på det, og kom seg ikkje unna.»

    Den første jødisk-romerske krigen varte fra år 66 til år 73. Jødene tok Jerusalem tilbake fra Romerne i år 66, og Romerne okkuperte den igjen i år 70. Det var under den romerske gjenerobringen av Jerusalem at Tempelet brant ned.

    Den jødiske historikeren Josefus var født i år 37/38 og døde kort etter år 100 og var altså vitne til dette første jødeopprøret. Han beskriver hvordan, i år 66, mange av de mest eminente jødene flyktet fra Jerusalem. I år 70 fra februar til august var Jerusalem beleiret. Under beleiringen var det noen som greide å rømme og under selve invasjonen var det også de som greide å rømme gjennom tunneler. Josefus nevner verken jødekristne eller greskkristne, men det er jo naturlig å tro at noen av disse også flyktet. Josefus beretninger gir oss altså ikke innblikk i at jødekristne på noen måte oppførte seg annerledes enn andre.

    Vår tidligste kilde som i denne sammenhengen nevner kristne er Eusebius. Han levde omtrentlig fra 260 til 340. Han var biskop av Cæsarea og en viktig person ved konsilet i Nikea. Eusebius har noen variasjoner i sine fortellinger. I en tekst forteller hvordan det var et orakel som kommanderte de kristne til å flykte, mens han i en annen tekst forteller at det var en engel, og i en tredje tekst forteller han at det var Jesus som kommanderte de kristne til å flykte. Dette er dog ingen selvmotsigelse, det kan ha vært at det både var et orakel, en engel og Jesus som kom med samme beskjed. I følge Eusebius fikk de kristne disse beskjedene før krigen startet, men ventet 3 år med å flykte til rett før Jerusalem sto for fall. Eusebius forteller oss også at det som hendte med jødene under denne krigen var guddommelig rettferdighet og straff for deres handlinger mot Jesus og hans disipler. Ved erobringen av Jerusalem var det i følge Josefus 1 100 000 sivile jøder som mistet livet. Eusebius skrev om dette litt før år 300, altså omtrentlig 230 år etter hendelsen, og dessverre forteller han oss ikke hvor han har denne informasjonen fra.

    Her er det altså slik at artikkelforfatteren ikke bruker ordet «historie» i akademisk forstand, men i teologisk forstand. Jeg nevner dette her fordi jeg selv ikke forstod dette før jeg hadde lest meg opp om dette, og jeg tror mange som meg lett kan misforstå. Hvordan man bruker ordet «historie» i akademia og hvordan det brukes i teologien er to vidt forskjellige ting og det er viktig å skille dette, ellers kan det lett føre til at man tror en påstand er bedre underbygd enn den faktisk er.

  2. Avatar Johnnis
    Johnnis says:

    Denne artikkelen får meg til å stille meg et viktig spørsmål.

    Artikkelforfatteren er tydelig vellest og velreflektert. Det er ingen tvil om hans autoritet på dette emnet. Hans konklusjoner er godt forankret i bibelens tekster og kristen teologisk tradisjon. Hans argumenter er overbevisende og hans logikk er upåklagelig.

    Og det er i lys av dette jeg må stille meg et viktig spørsmål. Hva skal jeg tro? Mange vil si at dette er det viktigste av alle spørsmål. Når det kommer til kunnskap om for eksempel matematikk, fysikk og lignende er dette ikke et spørsmål i hele tatt. Der er spørsmålet heller; hvordan kan vi vite om dette er sant?

    Det som gjør dette vanskelig for meg personlig, er at artikkelforfatteren ikke er alene om å tale med autoritet forankret i bibelens tekster og kristen teologisk tradisjon. Det finnes så mange som sier så mye forskjellig, og ikke alt kan være sant samtidig. Og alt dette sies med den samme autoritet, dokumentasjon, logikk og overbevisende argumentasjon.

    Så da står jeg igjen, forundret og ærbødig, med dette spørsmålet som for så mange er det viktigste, hva skal jeg tro?