Jesu likningar i Matteus 13

Matt 13,1-3:  Same dagen gjekk Jesus ut or huset og sette seg ved sjøen.

Det samla seg mykje folk ikring han, så han steig ut i ein båt og sette seg der. Og alt folket stod på stranda. Han tala mykje til dei i likningar…..

 

I austlege land er det ein lang og sterk forteljartradisjon. Forteljingane eller likningane skulle illustrere ei eller anna sanning. Jesus var fødd inn i denne levande tradisjonen og var sjølv ein meister i å fortelje. Ofte strøymde folk til for å høyre han, slik som her i Kapernaum ved Gennesaretsjøen. Store delar av Jesu undervisning var i form av likningar. Handlinga i forteljingane var gjerne teken frå dagleglivet, slik at det engasjerte og appellerte til tilhøyrarane. Han brukte nære og kjende ting og gjeremål til å undervise om abstrakte ting. Men ofte tok Jesu forteljingar ei uventa vending, slik som forteljinga om mannen som kom mellom røvarar som slo og rana han (Luk 10, 23-37). Dette kunne vere ein måte å få tilhøyrarane til å skjøne vanskelege åndelege sanningar.

Men nokre gonger brukte Jesus likningar for å skjule kva han meinte,

og for at folket ikkje skulle forstå. Dette gjeld ikkje minst desse likningane vi finn i Matt 13.

Matt 13,10-17: Læresveinane kom til han og sa: Kvifor talar du til dei i likningar? Han svara dei og sa: Fordi dykk er det gjeve å kjenna løyndomane om himmelriket, men dei er det ikkje gjeve. For den som har, han skal få, og han skal ha overflod. Men den som ikkje har, skal verta fråteken jamvel det han har. Difor talar eg til dei i likningar. For dei ser, og ser likevel ikkje. Dei høyrer, og høyrer likevel ikkje, og skjønar ikkje. På dei vert Jesaja-profetien oppfyld, som seier: Dei skal høyra og høyra, men ikkje skjøna; sjå og sjå, men ikkje skilja. For hjarta åt dette folket har vorte sløvt, og med øyro høyrer dei tungt, og augo sine har dei late att, så dei ikkje skal sjå med augo eller høyra med øyro og skjøna med hjarta, og venda om så eg kunne få lækja dei. Men de – sæle er augo dykkar fordi de ser, og øyro dykkar fordi de høyrer. Sanneleg seier eg dykk: Mange profetar og rettferdige har lengta etter å sjå det de ser, men fekk ikkje sjå det, og høyra det de høyrer, men fekk ikkje høyra det.

 

Her kjem læresveinane til Jesus og spør han kvifor han berre talar til folket i likningar. Dersom likningar var berre den beste måten til å få folk til å forstå det han ville ha sagt, så var vel ikkje det noko å spørje om. Men her skjønar vi at likningane nesten var som gåter å rekne, slik at til og med læresveinane trong at Jesus forklarte likningane til dei. Så spørsmålet var meir: «Kvifor fortel du ikkje folket rett fram det du vil ha sagt?». Det kan altså sjå ut som Jesus brukar likningane til å skjule og å openberre sanningar. «Dei er det ikkje gjeve», seier han. Jesaia-profetien som Jesus refererer til seier noko om haldningane og innstillinga til jødefolket, noko som viste seg gjennom store delar av Jesu virke mellom dei. Dei ville ikkje høyre; ville ikkje vende om. Det same gjeld vel menneska i dag òg; vanlege menneske er ikkje opne for det Gud vil seie gjennom sitt ord. Då ser dei heller ikkje det som ligg skjult der.

 

Men for læresveinane forklarte Jesus likningane.

Til dei fortalde han løyndomane rett fram.

Matt 13,11: Han svara dei og sa: Fordi dykk er det gjeve å kjenna løyndomane om himmelriket, men dei er det ikkje gjeve.

 

Løyndomane om himmelriket.

Dette er temaet for likningane i Matt 13. Så er spørsmålet: Kva meiner Jesus med dette uttrykket? Ofte er dette uttrykket synonymt med «Guds rike». Ein verdskjend bibeltolkar, Schofield, seier at uttrykket representerer alle dei som vedkjenner seg kristendomen og utgjer den universale, synlege kyrkja.

Denne undervisninga var såleis ikkje særleg retta mot Israel, slik tilfellet var med mykje av Jesu virke. Det kan kanskje vere grunnen til at det er nemnt i byrjinga av kapitlet at Jesus gjekk ”ut av huset” og «sette seg ved sjøen» (v.1). Her kan «huset» vere symbolsk for ”Israels hus” og «sjøen» eller «havet» symbolsk for «menneskehavet» eller heidningane. Dei religiøse leiarane er allereie i ferd med å planlegge ein måte å bli kvitt Jesus på (12, 14). Så når hans eigne «brødre» forkastar han, vender han seg mot heidningane. Noko av det same ser vi i kap. 12, 49-50 når Jesus uttalar at det ikkje var «kjødelege slektningar», slik jødane var det, som eigentleg var familien hans, men dei som «gjer Faderens vilje». På mange måtar beskriv likningane i Matt 13 den åndelege tilstanden på jorda medan Jesus er fråverande; frå han fer opp til himmelen og til han kjem synleg tilbake.

 

Likninga om såmannen

Matt 13,3-9: Sjå, ein såmann gjekk ut for å så. Og då han sådde, fall noko langsmed vegen, og fuglane kom og åt det opp. Noko fall på steingrunn, der det ikkje hadde mykje jord. Det rann snøgt opp, av di det ikkje hadde djup jord. Men då sola steig, vart det svidd av, og fordi det ikkje hadde rot, visna det Noko fall mellom klunger, og klungeren voks opp og kjøvde det.. Men noko fall i god jord og gav grøde: noko hundre foll, noko seksti foll, og noko tretti foll. Den som har øyro, han høyre!

 

Før ein tek til med å tolke nokon av desse likningane, må ein prøve å sjå alle i samanheng, noko ein alltid bør gjere når ein les bibeltekstar. Og når vi les denne fyrste likninga, om såmannen, finn vi fleire ting som vi òg finn i dei andre likningane: Ein såmann, altså ein mann. Vi finn såkorn eller korn. Der er jord som kornet vart sådd i, og fuglar. Desse tinga går igjen i nokre av dei andre likningane.

 

Likninga om såmannen er den likninga som har mest allmenngyldig betydning, som er aktuell for oss i dag. Desse ulike slag grunn som kornet vart sådd på, går rett inn i vår situasjon. Denne likninga er heller ikkje vanskeleg å forstå for oss, for Jesus sjølv har forklart ho for oss:

 

Matt 13,18-23: Så høyr no de likninga om såmannen:

Kvar den som høyrer ordet om riket og ikkje skjønar det, til han kjem den vonde og røvar det som er sådd i hjarta. Dette er den som er sådd langsmed vegen. Den som vart sådd på steingrunn, er den som straks tek imot ordet med glede når han høyrer det, men han har inga rot i seg, og held berre ut ei tid. Når det vert trengsle og forfylging på grunn av ordet, fell han straks ifrå. Den som vart sådd mellom klunger, er den som høyrer ordet, men suta for det timelege og den svikefulle rikdomen kjøver ordet, så det vert utan frukt.

Men den som vart sådd i den gode jorda, er den som høyrer ordet og skjønar det. Han gjev grøde, og ein gjev hundre foll, ein seksti foll, ein tretti foll.

 

Vidare seier han i vv. 37 og 38. «Såmannen er Menneskesonen». Og sidan det er ein mann som er nemnt fleire gonger i dette kapitlet, må det vere same mannen. «Åkeren er verda». I denne likninga er ikkje «åker» nemnt, men derimot «jord». Og jord som vert sådd med korn, vert til ein kornåker.

 

Likninga om ugraset mellom kveiten

Så fortalde Jesus ei ny likning, som vert kalla ”Ugraset mellom kveiten”:

Matt 13,24-30: Han sette fram ei anna likning for dei og sa: Himmelriket kan liknast med ein mann som hadde sådd godt korn i åkeren sin. Medan folka sov, kom fienden hans og sådde ugras i kveiten, og gjekk sin veg. Då no strået skaut opp og sette aks, kom ugraset òg til syne Tenarane gjekk då til husbonden og sa: Herre, var det ikkje godt korn du sådde i åkeren din? Kvar har han då ugraset ifrå? Han sa til dei: Dette har ein fiende gjort. Då spurde tenarane han: Vil du at vi skal gå og sanka det saman? Matt Han sa: Nei, for då ville de koma til å riva opp kveiten òg når de sankar ugraset saman. Lat dei begge veksa saman til hausten. Når det så er tid for å hausta inn, vil eg seia til haustfolka: Sank fyrst saman ugraset og bind det i buntar til å brennast. Men kveiten skal de samla i løa mi.

 

Etter at Jesus hadde fortalt desse to fyrste likningane og to til; om Himmelriket likna med eit sennepsfrø og ein surdeig, let han folket fare. Så gjekk han inn att i huset og var åleine med læresveinane. Likningane i dette kapitlet fell difor naturleg i to grupper; dei som vart fortalde til folket, og dei som vart fortalde berre til læresveinane. Då læresveinane vart åleine med Jesus, spurde dei han om å forklare for dei likninga om ugraset mellom kveiten. Denne forklaringa var det altså berre den indre krinsen rundt Jesus som fekk høyre.

 

Matt 13,37-43:Han svara og sa: Den som sår det gode kornet, er Menneskesonen. Åkeren er verda. Det gode kornet er dei som er born av riket. Ugraset er borna åt den vonde. Fienden som sådde det, er djevelen. Hausten er enden på denne tidsalderen. Onnefolka er englar.. Liksom ugraset vert sanka saman og brent opp med eld, slik skal det gå ved enden av denne tidsalderen. Menneskesonen skal senda ut englane sine, og dei skal sanka ut or riket hans alt som støyter, og dei som lever i lovløyse. Og dei skal kasta dei i eldomnen. Der skal dei gråta og skjera tenner. Då skal dei rettferdige skina som sola i riket åt Far sin. Den som har øyro, han høyre!

 

Her seier Jesus at det er han, Menneskesonen, som er «mannen» i dette kapitlet. Det gode kornet her er kveite (v. 29). Jesus sjølv kalla seg for eit kveitekorn som skulle falle i jorda for å døy, og såleis bringe fram mange frø (Joh 12, 24). Det var Jesus sjølv som fyrst sådde ut dette kornet; døydde som det fyrste kornet, men fekk sådd ut læresveinane som igjen sådde Ordet. Likeeins kan ein tenkje seg at alle desse likningane skildrar ei historisk utvikling, sidan alt starta med Jesus og endar med «enden på denne tidsalderen». Dette uttrykket finn vi att i att i Matt 24 der Jesus talar hendingar knytt til si atterkome (Matt 24, 3).

Den fyrste likninga, likninga om såmannen og dei ulike slag sågrunn, kan kanskje sjåast som starten på evangelieforkynninga, sidan vi ser at det er Jesus sjølv som tek til å så; og det er ikke snakk om noko haustonn. Derimot skildrar likninga korleis ulike menneske tek imot ordet om «riket».

I likninga om ugraset mellom kveiten skildrar Jesus utviklinga vidare. Mannen «hadde sådd godt korn i åkeren». «Det gode kornet er born av riket». Sanne truande er altså «sådd» ut i verda.  Det som etter kvart viser seg, er at det er «ugras» i denne åkeren; altså slike som ikkje er sanne truande. Det ser ut til at det har gått ei tid, sidan han «hadde» sådd godt korn. Og det var medan «folka sov» at fienden sådde ugraset. Etter den fyrste , ekspansive tida, glei kyrkja gradvis inn i ein slags «søvn» og vi fekk framveksten av den katolske kyrkja og den mørke middelalderen. Kanskje det er dette Jesus meiner her.

Det vert sagt at klinten, som truleg er ugraset i denne forteljinga, liknar så mykje på kveite at det kan vere uråd å skilje dei når dei veks saman. Men når det lid på hausten, får klinten svarte korn i aksa. Og då er det lett å reinske ugraset ut. Såleis er det ikkje vår oppgåve å døme om kven som er «ugras» eller ikkje, men til «hausten» vil det bli openberra. Etter kvart som endetida skrid fram, vil vi kanskje oppleve fleire og fleire skandalar der det viser seg at profilerte kristne leiarar har levd eit dobbeltliv og ikkje vore det dei har gjeve seg ut for å vere.

 

 

 

Likningane om sennepsfrøet og surdeigen

Så sette han fram to likningar som høyrer uløyseleg saman:

Matt 13,31-33 : Og han sette fram ei anna likning for dei og sa: Himmelriket er likt eit sennepsfrø som ein mann tok og sådde i åkeren sin. Det er mindre enn noko anna frø, men når det veks opp, er det større enn hagevokstrane og vert til eit tre, slik at fuglane under himmelen kjem og byggjer reir i greinene.

Og han fortalde dei ei anna likning: Himmelriket er likt ein surdeig som ei kvinne gøymde i tre skjepper mjøl, til alt var gjennomsyrt.

Begge desse to likningane vert vanlegvis tolka slik at kristendomen hadde ein beskjeden start med nokre få, ulærde menn. Men etter kvart utviklar det seg til noko stort som fyller heile verda. Dette kan verke innlysande, men mykje tyder på at denne tolkinga er feil. Fyrst kan det seiast at ei slik tolking strir mot resten av skrifta si framstilling av korleis endetida vert. Det er heller ikkje slik dei andre likningane i dette kapitlet framstiller endetida, som her er eit sentralt tema.

Heller ikkje er det «kristendomen» som er i fokus i desse likningane, dersom ein med det meiner evangeliet eller den sanne gudstrua. Derimot er temaet «himmelriket», som ut ifrå samanhengen må bety den verdsfemnande kyrkja som omfattar alt som gjev seg ut for å vere kristent.

 

Sennepsfrøet

Det står om ein «mann» som sådde eit sennepsfrø i åkeren sin. Jesus seier sjølv at denne mannen er «Menneskesonen» (v. 37). Åkeren er verda (v. 38). Jesus brukte kveitekornet symbolsk. Men om sennepsfrøet her har noka symbolsk meining, er uvisst. Kanskje tenkte han på at sennep er ei sterk smakstilsetjing, og at den rørsla han starta, ofte skulle få motbør og ikkje så lett skulle bli akseptert. I alle fall står det at han sådde eitt frø i åkeren sin, sennepsfrø; som er minst av alle frø. Og såleis venta han få opp ein sennepsplante. Men så skjedde det noko unormalt; i staden for ein plante eller busk, vaks det opp eit tre som fuglane kunne byggje reir i. Sidan fuglane kunne føle seg trygge nok til å byggje reir, måtte treet vere eit ganske stort tre. Ein ting er det at ein fugl sler seg ned på ei grein; noko anna er det å byggje reir. Det betyr fast bustad. Nokre stadar i skrifta vert fuglar brukt symbolsk for vonde ånder (Esek 31, 13; Op 18, 2). Mest vekt må likevel Jesu eigne ord ha. Og han brukar fuglar symbolsk for Djevelen i fyrste likninga, der fuglane raskt kom og åt opp kornet som var sådd. I likninga om sennepsfrøet er symbolikken endå sterkare; her har fuglane teke permanent bustad.

Vi kan såleis slå fast at denne likninga skildrar ein unaturleg vekst. Det synlege Gudsriket på jorda har utvikla seg og vil utvikle seg på ein måte som ikkje var tenkt. Det er òg svært negativt at Djevelen har fått så god innpass at han har teke permanent bustad. Men diverre stemmer dette med Bibelen sine profetiar om endetida, som talar om ei ugudeleg og fråfallen verdskyrkje

(Op 17, 1-6).(Dan 4, 20-21)

 

Surdeigen

Ofte høyrer ein denne likninga tolka slik at dette er noko som skjer og skjedde dagleg i Palestina på Jesu tid; ei kvinne sette ei brøddeig til heving. I staden for gjær brukte dei surdeig. Denne kunne dei ta vare på mellom kvar gong dei skulle bake. Og eigenskapen til surdeig er slik det vert skildra her; alt vert til slutt gjennomsyra.

Men kva var det kvinna gjorde? Ho «gøymde» surdeigen i mjølet. Det er vel i utgangspunktet mistenkjeleg å gøyme noko. Det står ikkje noko om at ho blanda mjøl og surdeig ut i vatn, slik som var vanleg. Dersom ein legg sur deig i lag med mjøl, kjem vel alt til å bli surt eller øydelagt. Tre skjepper mjøl var heller ikkje vanleg mengde mjøl når ein skulle lage brød til familien. Dette er kanskje nærmare hundre kilo mjøl. Vi kan ikkje gå ut ifrå at Jesus hadde så lite greie på brødbaking. Difor kan vi rekne med at Jesus ikkje tala om brødbaking i denne likninga. Det er forresten ikkje einaste gongen Jesus talar om surdeig. Ein gong åtvara han læresveinane mot farisearane og saddukearane sin «surdeig» (Matt 16, 6). I dette høvet var surdeig noko negativt. Og korleis kan ein tenkje seg at Jesus i denne likninga med surdeig meiner noko positivt, slik dei fleste tolkar det?

Når det gjeld mjølet, tenkjer ein seg at det representerer alle menneske i verda; og når alt vart syrt, må det bety at kristendomen eller evangeliet har til slutt trengt gjennom til heile verda og i alle fall påverka alle menneske. Men det kolliderer med resten av kapitlet. For her seier Jesus at det er «åkeren»som er «verda». Derimot seier han at såkornet i fyrste likninga er «ordet» (v. 20). Og i neste likning er det «born av riket» (v. 38). I denne likninga er det ikkje tale om korn; men mjøl, som er male korn. Kveitemjøl er dessutan kvitt og reint. Vi kan såleis rekne med at mjølet her symboliserer mykje det same som i dei to fyrste likningane.

Kva skal så kvinna symbolisere? Dersom gjerninga som kvinna gjorde, meir eller mindre skulle vere det same som å så korn i ein åker, så må ho symbolisere Jesus. Men det er på alle måtar utenkjeleg. Nokre stader er kyrkja likna med ei jomfru (2 Kor 11, 2), men aldri med ei kvinne. Ofte står ei kvinne for utruskap og fråfall (Op 17, 1). Kvinna må såleis stå for krefter som tilfører noko negativt og øydeleggjande til Guds sanne kyrkje.

Kva så med surdeigen? I Matt 16, 12 seier Jesus at «surdeigen» er farisearane og saddukearane si lære. Det er grunn til å tru at Jesus meiner det same her, altså falsk lære. Og ved at surdeigen var «skjult», var han vanskeleg å oppdage, og vart kanskje fyrst oppdaga etter at alt mjølet var øydelagt. Slik kan det vel òg vere med falsk lære; godt gøymd mellom det som er rett og godt. Likevel er verknaden at alt til slutt vert «gjennomsyrt» av det.

Såleis skildrar likninga om sennepsfrøet det jordiske «Gudsriket» sin unaturlege ytre vekst, og likninga om surdeigen ei indre øydeleggjande utvikling.

Då Jesus hadde fortalt desse likningane, let han folket fare og gjekk inn i huset (v. 36). Læresveinane spurde han så ut om kva likningane skulle tyde, og han fortalde fleire likningar berre for dei. Såleis er dei neste likningane ikkje mynta på «folket», men på truande.

 

Likningane om skatten i åkeren og den kostbare perla

Matt 13,44-46: Himmelriket er likt ein skatt som var løynd i ein åker. Ein mann fann han, og gøymde han att. I si glede gjekk han så bort og selde alt han åtte, og kjøpte åkeren.

Like eins er himmelriket likt ein kjøpmann som leita etter vakre perler. Då han så fann ei mykje verdfull perle, gjekk han bort og selde alt han åtte, og kjøpte henne.

Desse to likningane heng saman på same måte som dei to føregåande gjer det. Det er framleis «himmelriket» som er temaet. Likningane skildrar altså tida på jorda når Jesus er fråverande og til han kjem att. Og seier noko om den åndelege tilstanden innanfor kyrkja i vid tyding.

I begge likningane er det ein mann som fann noko. Og på same måten som med dei føregåande likningane, har ein ofte høyrt svært sprikjande tolkingar. Kort sagt går desse tolkingane ut på at det er ein syndar som finn kristendomen i Bibelen eller kyrkja. Det er mykje som talar for at dette ikkje stemmer med det Jesus meiner med likningane. For det fyrste stemmer det ikkje med skrifta at ein syndar har noko å «selje» for å kunne «kjøpe» «kristendomen». Og for det andre stemmer det ikkje med det Jesus sjølv seier i same kapitlet. Her forklarar han likningane og seier kva som er meint med dei ulike elementa. Mellom anna seier han at «åkeren» er «verda» og «mannen» er «Menneskesonen». Såleis treng vi ikkje vere i tvil om kva i alle fall desse to elementa skal bety. Denne åkeren er nemnd i to andre likningar i dette kapitlet, på ein stad står det at mannen hadde sådd godt såkorn i åkeren «sin». Og her er det fortalt at mannen kjøpte åkeren.

Men «skatten» som er fortalt om i den fyrste av desse to likningane er eit heilt nytt element. Denne skatten er altså «gøymd» i åkeren, som er «verda». Mannen, som her er Jesus sjølv, finn altså ein verdifull skatt i «verda». Men så «gøymer» han skatten att. Dette kan vel verke noko merkeleg?

Men kva er så denne skatten? Når vi veit at det er ein skatt som er gøymd i verda, og det er Jesus, Guds son, som har funne han, tenkjer vi nok særleg på eit bestemt folk. Og det må vere Israel. Då Jesus vart fødd som menneske, var det som jøde, og han seier sjølv at han kom fyrst og fremst for «dei forkomne sauene av Israels hus» (Matt 15, 24). Og elles i skrifta finn vi at Gud omtalar Israel som «sin eigedom» (2 Mos 19, 5) eller «sin augnestein» (Sal 17, 8; Sak 2, 12). Det hebraiske ordet som i GT er om sett med «eigedom» kunne rettare vore omsett som «ein særleg skatt».

Kva så med det at denne skatten var gøymd i verda, vart funnen av Jesus; og så gøymd att? Jau, vi veit Gud tok seg ut eit folk mellom folkeslaga ved at han kalla Abram ut ifrå Ur i Kaldea, og som vart til dette folket. På den måten var folket «gøymt». Då Jesus vart fødd og vaks opp mellom jødane, fann han dei. Men dei tok ikkje imot han som frelsar og Messias (Joh 1, 11). Kva førte så det til? Jau, Jesus vende seg frå jødane og til heidningane. Det er dette Paulus talar om i Romarbrevet og seier at nokre av dei naturlege greinene vart brotne av og ein vill oljekvist vart poda inn (Rom 11, 17). Resultatet av at jødane forkasta Jesus var at dei vart spreidde utover heile verda og såleis «gøymde» att i «åkeren».

Vidare står det at han i glede selde alt han åtte og kjøpte åkeren. Trass i at hans eige folk forkasta sin Messias og skapar (Joh 1, 11), gjorde han dette med glede.

Hadde så Jesus noko å «selje»? Ja, dersom Jesus er denne mannen, stemmer biletet. For Jesus hadde noko å selje. Som Johannes-evangeliet fortel så var Jesus hos Gud frå opphavet, og han var sjølv Gud (Joh 1, 1-3). Og om vi les frå Filipparbrevet 2, 6, ser vi at han som var i Guds skapnad verkeleg gav avkall på noko ufatteleg stort. Og han var viljug til å fornedre seg til å bli eit menneske; men ikkje nok med det – han var viljug til å lide døden i vår stad. Dette betyr faktisk at han opplevde fortapinga for oss. Dette skjedde då han hang på krossen og han ropte ut: «Min Gud, min Gud, kvifor har du forlate meg?»(Matt 27, 46). Her «selde» han det mest dyrebare han hadde; samfunnet med Faderen.

Kva slag pengar brukte Jesus då han «kjøpte åkeren»? Peter sier i 1 Pet 1, 18 at det ikkje var med forgjengelege ting, sølv eller gull, vi vart kjøpte fri; men med Kristi dyre blod som blodet av eit ulasteleg og lytelaust lam. Og Paulus seier vi er dyrt kjøpte (1 Kor 6, 20). Hebrearbrevet seier i kap. 9, 12 at han gjekk inn i heilagdomen ein gong for alle og fann ei evig utløysing.

Og så gjekk han og kjøpte skatten? Nei, det står at han kjøpte åkeren. Og kva var åkeren? Det var heile verda. Kjøpesummen var stor nok til å kunne gjelde alle menneske i heile verda. Ja, han er ei soning for syndene våre; og ikkje berre for våre, men for heile verda (1 Joh 2, 2).

Så fortel ikkje Jesus meir. Mannen grev ikkje opp skatten så langt det her vert fortalt. Og det er fordi desse likningane skildrar tida frå Jesus fór herifrå til han kjem synleg tilbake. Det er òg tidspunktet då «skatten» skal gravast opp att; og jødane skal ta imot sin Messias.

Etter denne likninga fortel Jesus ei ny som liknar på den føregåande. Her søkjer mannen òg etter noko verdfullt; men denne gongen er det etter ei verdfull perle. Framleis har vi grunn til å tru at det er den same mannen som det er fortalt om her òg, altså Jesus sjølv. Men skal ein skjøne kva han meiner med denne likninga, må ein vite noko om kvar perla kjem frå og korleis ho vert til.

Ei ekte perle vert til på botnen av havet, inne i ein perlemusling. Og ho vert forma ved at eit sandkorn kjem inn muslingen. Det dannar seg eit sår og frå det såret vert det skilt ut eit stoff som lagvis kapslar inn sandkornet med perlemor. Ei slik ekte perle er vakker og verdfull. Her kunne ein gå i detaljar og finne symbolsk meining i fleire ting. Men når det gjeld kva perla skal symbolisere, er det ting som peikar i ei bestemt retning. I starten av kapitlet står det at Jesus gjekk ut av huset og sette seg ved sjøen. No har Jesus vendt seg mot sjøen eller havet som symboliserer nasjonane. Opp frå folkehavet vert perla henta opp, symbolisert ved perledykkarane i forteljinga.

Kva må perla representere? Jau, det må vere Guds sanne kyrkje. Ho vert til ved at lag på lag vert lagt til. Og til slutt vert ho teken opp frå havet. Men i denne likninga er det ikkje noko som vert «gøymt» att. Mannen som søkte etter ei verdfull perle, tek ho i si eige. Dette symboliserer at menneske vert kalla ut av verda, menneskehavet og kjem i Jesu eige allereie her og no. Men òg må dette vere ein profeti om stunda då Jesus skal hente sine opp herifrå og opp til seg; dette som vi ventar på og som kan skje kva tid som helst (Fil 3, 20; 1 Tess 4, 16-18).

 

Likninga om nota

Matt 13,47-50: Atter er himmelriket likt ei not som vert kasta i sjøen og fangar fisk av alle slag. Når ho er full, dreg fiskarane henne opp på stranda. Dei set seg ned og samlar dei gode fiskane i kar, men kastar dei dårlege. Slik skal det gå til når enden på verda kjem. Englane skal gå ut og skilja dei vonde frå dei rettferdige, og kasta dei i eldomnen. Der skal dei gråta og skjera tenner.

Dette er, som Jesus òg seier, ei likning om det som skal skje heilt på slutten av tidsalderen, det som tidlegare i kapitlet er kalla «hausten» (v. 30). Her som då er det englane som er haustfolka. Når det i denne likninga er brukt uttrykket «enden på verda», så er ordet i grunnteksten «aion», som betyr tidsalder. Jesus seier framanfor at «åkeren er verda». Men der er ordet i grunnteksten «kosmos», som betyr den skapte verda (v. 38). Jesus seier at fiskarane brukar ei not, og ikkje garn. Skilnaden mellom not og garn er at eit garn vert sett ut for å stå ei tid, medan nota vert kasta og dregen inn att med ein gong. Dette er altså noko som ikkje går føre seg over tid. Denne nota kan ikkje symbolisere evangelieforkynninga i vår tid, slik mange har hevda; for det er noko som har vart i lang tid. Eit garn fungerer dessutan på den måten at fisken går i garnet nærmast «friviljug», medan ei not «fangar» fisken, slik Jesus seier det i likninga. Et som Jesus skildrar i denne likninga er altså noko som skjer på kort tid og heilt på slutten av tidsperioden som vert omtala i kapittelet. Akkurat same uttrykket, «enden på tidsalderen» er, er òg brukt i samband med Jesu endetidstale som vi kan lese i Matt 24 og 25. På slutten av denne tala fortel Jesus om ei hending som skal skje etter at han sjølv er komen tilbake til jorda og alle folkeslag skal samlast framfor han. Der skal han skilje, som han seier det, «sauene » frå «geitene» (Matt 25, 32-46). Dette kan samsvare med det som vert fortalt i denne siste likninga, der dei «vonde» skal skiljast frå dei «rettferdige». Kanskje er det denne forteljinga Jesus viser til i likninga om nota.

 

 

 

Likninga om husbonden

Matt 13,52: Då sa han til dei: Difor er kvar skriftlærd som er opplærd for himmelriket, lik ein husbond som ber fram nytt og gammalt av det han har gøymt.

Etter at Jesus no hadde avslutta desse forteljingane, spør han læresveinane om dei hadde skjøna alt han hadde fortalt. Dette svara dei ja på. Ein kan lure på om dei visste kva dei svara på, og om dei verkeleg forsto den eigentlege tydinga av likningane, sjølv om Jesus hadde forklart noko av det. I alle fall ser vi at Jesus kjem med ei ny likning til slutt. Denne må forståast som eit svar på at læresveinane har skjønt Jesu undervisning om «himmelriket».  For her samanliknar han «kvar skriftlærd» som er opplærd for himmelriket, med ein «husbond» som ber fram «nytt og gammalt» av det han har «gøymt» (v. 52). Det er tydeleg at Jesus tenkjer læresveinane og etterkomarar etter desse som slike husbondar. Dei fyrste læresveinane var opplærde av Jesus sjølv, men no er det Anden som lærer oss om «himmelriket» (Joh 14, 26). Denne samanlikninga med ein husbond leier tankane til det ein veit om korleis det var i storfamiliar i gamal tid. Då var husbonden den som hadde ansvaret for alle i «huset», både familie og tenarar; at der fanst mat til alle og at alle hadde det trygt og godt. Bibelen talar om ulike slag «hushald» under ulike tids epokar (1 Kor 9, 17; Ef 1, 10). Likeeins er det tale om personar som skal vere «gode hushaldarar» over Guds løyndomar (1 Kor 4, 1) og over Guds nåde (1 Pet 4, 10). På same måte som husbonden lagra både mat og andre ting dei trong, så skal ein åndeleg «husbond» berre fram ting som han har lagra, etter behov. Ein slik husbond må ha eit «lager» av åndeleg visdom og bibelkunnskap, så han kan gje «tenestefolka» det dei treng til kvar tid (Matt 24, 45). Husbonden hadde både «gamalt» og «nytt»; både matvarer og klede  vart lagra for seinare bruk. Likeeins måtte han syte for nytt påfyll, ferske matvarer og andre forsyningar. Kanskje Jesus med denne samanlikninga meiner at vi treng både Det gamle og  Det nye testamentet. Sjølv om vi ikkje lever under lova, er der mange rikdomar å hente fram frå Det gamle testamentet. Der er mange førebilete og profetiar som er aktuelle i dag. Likeeins brukte både Jesus og apostlane skriftene i si undervisning (2 Tim 3, 16). Men det er fyrst i Det nye testamentet dei største løyndomane vert openberra, slikt som i tidlegare tider ikkje var gjort kjent (Ef 3, 3-5).